I morgon skal eg ta til på mi tredje vakt på Metten. Vèret skiftar fort her på Jan Mayen, og ved observasjonar skal vi gi informasjon om blant anna type og mengde skyer, sikt og nedbør. I tillegg vert trykk, luftfuktighet, vindhastighet, vindretning og temperatur registrert automatisk.
|
Byge over Eggøya |
Eg har fått oppleve både finevèrsdagar og dagar med stiv kuling så langt. I dag var det opplett og sol, så eg tok ein tur til Helenesanden for å fotografere kveldslyset og Beerenberg. Før eg kom meg til stranda, så hadde det skya til og etter kvart kom bygene. Men dette gav flotte fotoforhold.
2 kommentarer:
Eit supert bilde med mykje "liv", Marion :)
Takk:) Er fint med slike vêrskifte, gir litt ekstra smell i bileta:)
Legg inn en kommentar