torsdag, juni 23, 2011

Åtvaring





















Eit bilete frå 9.april i år. I den vakre skjærgården i Hordaland.

tirsdag, juni 21, 2011

Runde

18. -19. juni dro Førde Fotoklubb på tur til Runde. Lundeura var første fotomål på turen, og på vegen opp i ura fekk vi sjå mykje Storjo. Vi var framme ved ura i sju tida på laurdagskvelden, då var aktiviteten blant fuglane liten. Men det tok ikkje lang tid før det kom både fleire folk og fugl. Utpå kvelden var det mykje fugleliv. 



Lunden er ein alkefugl. Den hekkar fleire stadar i koloniar langs norskekysten, fuglefjellet på Runde er ein av landest største koloniar. Bestanden har hatt ein markant tilbakegang dei siste åra og fuglen er raudelista. I 2007 var det eit dårleg år for Lunden, det var for lite mattilgang og fuglane avbraut hekkinga ved å forlate reiret.

Fuglane hekkar tett opp til stien i Lundeura. Ein skal difor her, som over alt på øya, halde seg til stien slik at fuglane ikkje vert forstyrra i hekkinga. Dersom ein sit ved tausperringane i ura, er det ikkje uvanleg at ein kjem så tett på som tre meter frå fuglane utpå kvelden.

Lunden var observert med tobis for tre veker sidan. Fuglane kjem flyande inn med tobis etter at egga er klekte for å mate ungane. Medan vi var i Lundeura såg vi ein fugl med tobis.



Vi fekk opphald på turen, med tåke som kom og for. Nærare midnatt var det mykje aktivitet i ura, og tåka låg tjukk.


























På sundag vart det båttur rundt øya med båten Aquila. Då fekk vi sjå Lunde, Alke, Teist, Ørn, Krykkje, Havsule, Havhest og skarv. Med båt kjem ein tett under fuglefjella, og dette er ei flott oppleving. Nokre stadar kan ein køyre inn i grotter i fjellet. Også inne i grottene hekkar det fuglar.


Krykkjeunge i fuglefjellet på Runde. Stor kontrast til hendingane i Ålesund: http://www.smp.no/nyheter/article350822.ece Krykkja har hatt bestandnedgang som dei flest sjølfuglar dei siste åra. I 2007 vart fuglen freda.


















Havsulene vart tett på båten.

lørdag, juni 18, 2011

Ung havørn -den første fisken


Denne unge havørna befant seg i territoriet til eit etablert havørnpar som ikkje hekka i år. Ørna var tydeligvis interessert i fisken vår og prøvde seg på stup. I det første forsøket mista ørna fisken på veg opp. Då såg den vaksne hannen sitt snitt, og viste korleis ei meir erfaren havørn fiskar. Ungdomen prøvde på neste fisk, og både ørn og fotgrafar var nøgde med utbyttet.











































Den vaksne ørna i aksjon..... Han gjekk inn frå motsatt retning.

torsdag, juni 16, 2011

Gråmåker på Smøla

11.-13. juni var eg med BioFoto Sunnmøre på tur til Smøla. Flott helg med mange fotomuligheter. Måkane er alltid på plass og her kjem nokre stilstudie av gråmåken.





































Bilete av fleire artar kjem!