søndag, august 30, 2009

Regnsøndag


Krabbeteina sette vi optimistisk ut att i går. I dag vakna vi til kuling, og teina fekk bli ute litt ekstra lenge..... Det vart heller laber fangst, men to krabbar hamna til slutt i gryta.

lørdag, august 29, 2009

På segletur


Det er ikkje ofte det skjer. Kan då heller ikkje samaliknast på nokon måte med min forrige (og einaste) segltur. Artig var det, og båten er førtiårsjubilant i 2011, heimesnekra på Årebrot. Ellers har dagen vore innbringande: 1 krabbe, 15 makrell og 3 lyr.

fredag, august 28, 2009

Keipen i solnedgang


Vekk frå regnet i indre:) Vérmeldingane gjeld tydligvis ikkje her i ytre strøk.

søndag, august 23, 2009

Soloppgang frå 2068.


Ein kan vel ikkje alltid få det som ein vil....... Etter å ha blitt passe nedsnødd i hytteveggen var det berre å gå inn att.

lørdag, august 22, 2009

På Fanaråken


Såg Hurrungane på vegen opp, men så kom skodda. Har høyrt rykter om alle desse tåkedagane, men eg har alltid hatt flott vér...... Ein gong må bli den fyste. Dette var det siste eg såg av sola.

søndag, august 16, 2009

Nattleg hjortesafari


etterfulgt av ein tur på Saksa. So var det på tide å reise tilbake til Sunnfjord. Men Sunnmørsalpane må eg tilbake til:)

lørdag, august 15, 2009

Lue og votter er kjekt å ha.....


På toppane var det snø. Vi måtte diverre snu på ca 1400 meter, det var vind og regn og egga såg lite fristande ut. Skruven er skjult i tåka bakom første toppen. Det var flott utsikt over fjella og Norangdalen frå varden der vi snudde, og ettersom denne i følgje kartet ikkje har noko namn har vi no kalla den bitte lisje Skruven. Etterpå var det godt å komme til Knutegarden å få Hjortegryte. Og jammen vart det ikkje ein tur i selet etterpå med sjokoladekake og noko attåt:)

fredag, august 14, 2009

Ein sunnmørsalp!


Meir bestemt Saksa. Men berre bilkøyring denne dagen, og ein flott mottakelse på Knutegarden med heimelaga fiskesuppe.

søndag, august 09, 2009

Soloppgang og morgontur på Stryneskåla


Om solnedgangen i går var flott så var soloppgangen i dag mykje finare:) Det var ei perfekt blanding av tåke, skyer og sol som braut igjennom. Å få oppleve dette frå 1.800 meter og sjå ned på skoddehavet som dekkjer fjord og dalar er verkeleg spesielt. Etterpå rakk eg ein morgontur på Stryneskåla medan dei andre i tårnet (turlagshytta på Skåla) meir eller mindre snorka vidare.....

Ettersom dette eigentleg var meint som ein fotoblogg og ikkje turblogg, har eg denne gongen valt å leggje ut dette bilete av ei ku vi møtte på vegen heim istaden for mine ordinære turbilete:) Dette synast eg sjølv vart eit spanande og litt uvanleg utsnitt av ei elles ordinær norsk ku på sommarferie. Sjølv om dei framtredande linjene i motivet ikkje framhevar faktum at kua er på sommarferie, syns eg dei løftar komposisjonen. Nokre av bileta frå morgonen på Skåla finn du derimot her Nordfjord. Klikk på thumbnail for å sjå stor versjon.

lørdag, august 08, 2009

Skåla


Det her herlig på fjellet! Denne helga skulle tilbringast på Skåla og eg hadde sett for meg duskregn, kaldt tårn og null solned/oppgang. Mokkabønner og vin vart difor rekna som vel så viktige ingrediensar i sekken som kamerautstyr. Men slik vart det ikkje! Sola dukka opp i det vi hadde lagt 1.500 høgdemeter bak oss og siste etappen i kveldslys vart verkeleg eit skue. Det må seiast at gliset satt bredt hos begge turdeltakarane. Og tårnet, ja det var sjølvsagt allereie varma opp:)

Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8

fredag, august 07, 2009

Gaularspelet


Det går hardt for seg i Osen for tida. I år fekk eg fotografere under generalprøva av Gaularspelet. I morgon er det alvor!