tirsdag, desember 20, 2011

Mørketid

I morgon går vi mot lysare tider. Men sjølv no på den mørkaste årstida ser vi antydning til dagslys her på Bjørnøya. I dag nytta vi dei lysaste timane til å gå ein skitur til Tunheim. Her finn ein ei av hyttene på øya.

Vi gikk via Midtpunktet på veg inn til hytta. Her er Aki forran Miseryfjella.

Hytta ved Tunheim.

Utpå kvelden vart det klarvér, og frå statsjonen fekk vi sjå eit vakkert nordlys.

onsdag, desember 07, 2011

Nye utfordringar

I dag har eg forstått opp til fleire ting. For det første er det sjølvsagt lurt å bruke vidvinkel når ein fotograferer snøbyge. For det andre: Canon Speedlite 580EXII er ein kraftig blits. Den kan på rette avstand lyse opp heile Ishavskatedralen. Og det er nett det den gjer dersom ein ikkje har lært å undereksponerer beistet. Andre ting eg har forstått i dag er at forstavelsen alto betyr av vi snakkar om midlere skyer (til tross for, eller nettopp fordi, at alto betyr høg). Alt dette er kjekt å vite syns eg :)

På fredag reiser eg mot Bjørnøya for å ta til i ny jobb som meteorologifullmektig. Då må ein kunne litt om blant anna skyer, sikt og nedbør. I tillegg er det kjekt å ha ein blits som kan lyse opp Ishavskatedralen. Det må bety at den kan lyse opp bra i mørketida på Bjørnøya og :)







søndag, august 21, 2011

Sunnfjordreinen

Denne dagen var det meldt store nedbørsmengder og flaum frå klokka tolv. På ein sommar som i år kjem ikkje dette som nokon overraskelse, men ein veit å sette pris på timane med sol innimellom. Så difor vart det ein morgontur på Fauskevarden.



På veg opp i fineveret såg eg reinen. Så seint på sommaren held dei ofte til på snøfonnene som framleis ligg i området. Kamera var ikkje med, og eg måtte uansett kome meg heim, for flaum var eg ikkje kledd for.

Heime kunne eg konstantere at flaumen var utsett til natta. Ei skikkeleg regnbyge hadde vi rett nok på ettermiddagen, men når det klarna opp på kvelden var det klart at reinen den måtte oppsøkast. Med kamera og kveldslys denne gongen.




Omlag 20 dyr såg eg denne ettermiddagen. Dette er villrein, men dei stammar frå tamrein som vart utsett på syttitallet. Flokken i området rundt Fauske er for liten til at den klarer seg utan "import" av nye bukkar, og framtida til dyra er uviss.  

Utsyn mot Fauske etter solnedgang. Framleis klart og fint ver:)

Reinen og Keipen




















For meg er det stas å få fotografere rein med Bremangerfjell og Ålfotbreen i bakgrunnen. Så her kjem ein traust komponert rein med klisjesolnedgang, no kalla grelle fargar. Uskarp er den og, men det kan ein ikkje sjå på webpublikasjon av så lite format. Dei skarpe, men framleis ganske trauste, reinane får vente til neste innlegg ;)

tirsdag, august 16, 2011

Tango i Lofoten

Tango er ein raudrev med eit kvalpekull på sju. I fjor hadde ho sitt første kull og dei var tre. Berre ein av desse vaks opp, dei to andre vart påkjørt. Tango bur tett på både sauebønder og hytteturistar. Sauane får gå i fred, og den største faren for revane er nok biltrafikken.

Det har blitt lite fotoredigering i det siste. Mange bilete frå sommaren har blitt liggande på harddisk, medan Asus pc'en er returnert til forhandler for tredje gong. No føregår redigering i sneglefart med ein Acer Ferrari frå 2005 der det einaste som minner om fart er namnet. Å velge ut bilete føregår mest som loddtrekning, då førehandsvisning med Ferrari2005 tempo i kombinasjon med 7D filer er ei tolmodighetsprøve som går langt utover det akseptable. Men Ferrarien er i det minste stabil i motsetning til visse andre pc'ar. Drøymer om ei kjapp og driftsikker maskin (samt om å hive Asusdriten ned frå fjerde etasje på Storehagen Atrium) og tenker tilbake på tidene då det var kjekt med bilderedigering. Løysinga som ser ut til å vere mest realistisk for å stoppe frustrasjonen er fotografering utan minnekort..... Men slikt vert det jo ikkje resultat av. 


torsdag, juni 23, 2011

Åtvaring





















Eit bilete frå 9.april i år. I den vakre skjærgården i Hordaland.

tirsdag, juni 21, 2011

Runde

18. -19. juni dro Førde Fotoklubb på tur til Runde. Lundeura var første fotomål på turen, og på vegen opp i ura fekk vi sjå mykje Storjo. Vi var framme ved ura i sju tida på laurdagskvelden, då var aktiviteten blant fuglane liten. Men det tok ikkje lang tid før det kom både fleire folk og fugl. Utpå kvelden var det mykje fugleliv. 



Lunden er ein alkefugl. Den hekkar fleire stadar i koloniar langs norskekysten, fuglefjellet på Runde er ein av landest største koloniar. Bestanden har hatt ein markant tilbakegang dei siste åra og fuglen er raudelista. I 2007 var det eit dårleg år for Lunden, det var for lite mattilgang og fuglane avbraut hekkinga ved å forlate reiret.

Fuglane hekkar tett opp til stien i Lundeura. Ein skal difor her, som over alt på øya, halde seg til stien slik at fuglane ikkje vert forstyrra i hekkinga. Dersom ein sit ved tausperringane i ura, er det ikkje uvanleg at ein kjem så tett på som tre meter frå fuglane utpå kvelden.

Lunden var observert med tobis for tre veker sidan. Fuglane kjem flyande inn med tobis etter at egga er klekte for å mate ungane. Medan vi var i Lundeura såg vi ein fugl med tobis.



Vi fekk opphald på turen, med tåke som kom og for. Nærare midnatt var det mykje aktivitet i ura, og tåka låg tjukk.


























På sundag vart det båttur rundt øya med båten Aquila. Då fekk vi sjå Lunde, Alke, Teist, Ørn, Krykkje, Havsule, Havhest og skarv. Med båt kjem ein tett under fuglefjella, og dette er ei flott oppleving. Nokre stadar kan ein køyre inn i grotter i fjellet. Også inne i grottene hekkar det fuglar.


Krykkjeunge i fuglefjellet på Runde. Stor kontrast til hendingane i Ålesund: http://www.smp.no/nyheter/article350822.ece Krykkja har hatt bestandnedgang som dei flest sjølfuglar dei siste åra. I 2007 vart fuglen freda.


















Havsulene vart tett på båten.

lørdag, juni 18, 2011

Ung havørn -den første fisken


Denne unge havørna befant seg i territoriet til eit etablert havørnpar som ikkje hekka i år. Ørna var tydeligvis interessert i fisken vår og prøvde seg på stup. I det første forsøket mista ørna fisken på veg opp. Då såg den vaksne hannen sitt snitt, og viste korleis ei meir erfaren havørn fiskar. Ungdomen prøvde på neste fisk, og både ørn og fotgrafar var nøgde med utbyttet.











































Den vaksne ørna i aksjon..... Han gjekk inn frå motsatt retning.

torsdag, juni 16, 2011

Gråmåker på Smøla

11.-13. juni var eg med BioFoto Sunnmøre på tur til Smøla. Flott helg med mange fotomuligheter. Måkane er alltid på plass og her kjem nokre stilstudie av gråmåken.





































Bilete av fleire artar kjem!

mandag, april 04, 2011

Flatanger

Etter fire dagar med fotografering hos Ole Martin Dahle i Flatanger har det blitt ein del ørnebilete. Utruleg kjekt, og dette må gjentakast ved eit seinare høve!




Måken er eit fint fotomotiv og ein vert ofte overaska ved gjennomgang av bileta. Dette gjeld både når ein nyttar lange lukkar tider og ikkje minst ved korte lukkartider der ein får fryst bevegelsane. 




onsdag, mars 30, 2011

Ærfuglane ved Straumen

Over 2000 ærfugl og ein praktærfugl overvintrar ved Straumen. No har dei fleste dratt nordover, men framleis var det omtrent 500 fuglar att. Både krabbe og kråkebollar står på menyen for desse fuglane som dykkar etter mat i den sterke straumen.











søndag, mars 27, 2011

Fotoferie

Har ei ferieveke og er klar for fototur! Første stopp var Telemark, med en tur videre til Vestfold for å besøke Mølen.




mandag, februar 28, 2011

I morgon er det vår



Det har vore heller dårleg oppslutning rundt matfatet i hagen min i vinter. Så no, ettersom det straks er vår, får eg heller sjå etter fugl utanfor hageflekken. Og no er det lyst så lenge at ein faktisk får til dette etter jobb! Desse to laksandhannane delte ei isfri råk med ei frøken lakseand.

lørdag, februar 26, 2011

To ravner over Hjørundfjorden


Fekk ein guida tur i flott natur på Sunnmøre. Til våren vert det sjølvsagt ny tur for å fotografere fuglelivet ved kysten.