Viser innlegg med etiketten Bre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bre. Vis alle innlegg

lørdag, mars 06, 2010

Førde fotoklubb på tur til isgrotta.

I 2008 berre måtte eg inn å sjå isgrotta under Nigardsbreen i Jostedalen. Fleire i fotoklubben var interessert så vi fekk arrangert ein fototur. I år meldte fleire interesse for ny tur, og til slutt var vi fem som reiste. Denne grotta er mykje mindre enn den førre vi besøkte, og den slapp inn meir lys. Dermed vart det heilt andre fotoforhold. Vi fann og mykje fint ved kanten av breen. Blåisen er godt synleg grunna den nedbørsfattige vinteren. Flott tur i triveleg selskap.


Luft og grus i is.


Flotte lysbrytningar gjennom isen.


Vangsen framviste etter kvart eit imponerande tålmod. Det må nemnast at han vart med på fleirtalet av mine bilete. Men til mitt forsvar har eg sett isgrotter før. So vidt eg veit er det fyrste gong eg har sett blåaugd husky i blåis.

lørdag, september 12, 2009

I blåisen


Arrangert tur på Nigardsbreen. Tilbake på Turtagrø var det mange interessane foredrag å velge blandt, og bra var det for ute var det både vått og kaldt.

fredag, juni 26, 2009

Ja takk, begge deler!


Tilbake på M/S Origo var det berre å pakke om og gjere klar til ny utflukt. Fjelltur eller Zodiak langs breen var turleiar sitt valg. Ja, takk begge deler sa vi. Ein fantastisk fjelltur i midnattsol med nærkontakt med rype, rein, fuglefjell og rev. Vel nede på stranda hadde det blåst opp og kapteinen ville ha oss rett tilbake til båten, så då vart det ikkje begge deler like vel..... Klokka fire var eg i seng, men på dekk måtte dei låre ein Zodiak på nytt for nokon hadde fått motorstopp og måtte ha assistanse. Etter nokre timar med søvn var eg klar for å finne reven i Ny-Ålesund. Ho var ikkje like interessert som oss andre i å bli festa til bildebrikka, men nokre glimt av revungane vart det no.


Fuglefell og Zodiak blant is fekk vi og tid til, men det var kaldt og når snøbyga kom dro vi tilbake til båten. Her vart det akkurat tid til eit "besøk" i pianobaren før middagen:)