søndag, desember 13, 2009

torsdag, desember 10, 2009

Julelunsj



Canon EOS 7D, Canon EF50mm f1,4 USM. ISO 800, lukker 1/25 sek, blender f3,5.

tirsdag, desember 08, 2009

Bålkos


Lappesteiking på takke ved Bekkjavatnet.

Canon EOS 7D, Canon EF-S 15-85mm IS USM.

søndag, desember 06, 2009

Vangsen i Jostedalen


Snø er framleis mangelvare i Sunnfjord. Og i Sogn er det mindre enn normalt. Sogndal turlag stilte med to representantar, medan tre tok turen frå IST. Mykje vind og snøføyk gjorde til at vi snudde under toppen.

Canon EOS 7D, Canon EF-S 15-85mm IS USM.

onsdag, desember 02, 2009

Fullmåne og fottur i Jølster.


Denne kvelden vart det gløgg og pepperkake på Klauva, og skalldyr til kvelds på heimvegen. Nytt objektiv vart og testa. Elles ryktast det om skiturar, men eg trur ein må eit stykke for å finne skiføret......

Canon EOS 7D, Canon EF-S 15-85mm IS USM. ISO 800, lukker 1 sek, blender f3,5.

mandag, november 30, 2009

Julekonsert


I Førde kyrkje. Snøen kom og i dag. Så julestemninga var ikkje heilt fråværande:)

Canon EOS 7d, Canon 50mm f1,4. 1/50 sek, ISO 800 f3,2. Bilete er kraftig beskåret.

søndag, november 29, 2009

Norangsdalen


Det har blitt nokre køyreturar gjennom Norangsdalen denne helga. Men eg kjem attende, det e no berre sikkert. Ein tur frå Grodås til Yttrehornsnakken i dagslyset vart det og før heimreise.

lørdag, november 28, 2009

Til Stranda for å kjøpe øl.


Nærare bestemt Slogen Pale Ale. Bryggeribesøk i Liabygda vart det diverre ikkje, men ein fjelltur på Liahornet i tjukk skodde og snø fekk vi. Vel tilbake på Knutegarden vart Slogen Pale Ale konsumert under Slogen. Etterpå vart det tur til selet til Edith og Jon Arne i Norangsdalen.

Canon Eos 7d, Canon 50mm f1,4. Iso 2000 1,3 sek, f1,4

søndag, november 22, 2009

søndag, november 15, 2009

Skihelg


I sunnfjord har det meste av snøen regna vekk. Men i Hemsedal var det flotte forhold denne helga.

Sony E. K550i

søndag, november 08, 2009

lørdag, november 07, 2009

Tur i Bremanger


Opp mot Steinfjellet og deretter merka rute ned til Vetvika. Her vart det innsamling av rekved til bålet. Også fem andre hadde teke turen hit med båt.

tirsdag, oktober 27, 2009

Fototur til Mo


Det var visst denne helga vi gikk over til vintertid, og den planlagde fototuren vart dermed gjennomført med høgare blendar og iso og lenger lukkertid enn først berekna.... Men det var kjekt å eksperimentere med bevegelsar og lys. Nokre spanande resultat vart det og.

Canon EOS 7D, Canon EF 50mm f1,4. Blender 2,2 Lukker 1/8sek, Iso 800

søndag, oktober 25, 2009

Kjøttmeis


I Bremanger er det både fugl og fisk:) Fuglen er plassert på harddisken og hysa i frysaren.

Cano EOS 7D

lørdag, oktober 24, 2009

Sauen og Hornelen


Takk til den samarbeidsvillige Sauen som poserte akkurat på riktig plass (ja, ja fotografen måtte flytte litt rundt om kring og altso.....) Hornelen stod i ro som vanleg.


Det var mykje ramn og kråker å sjå. Rart var det ikkje, for det var duka til åtselfest.

fredag, oktober 23, 2009

tirsdag, oktober 20, 2009

Høstmørket er her


Mørket kjem tidleg om kvelden. Men ettersom det er veldig kjekt å ta bilder no om dagen, så vart det ein tur innom sentrum og kunstig belysning:)

Canon EOS 7D. Canon 70-200mm F4 L IS USM (kjekt namn...). Blender F4, lukker 1/8sek. ISO 500

tirsdag, oktober 13, 2009

Ved Bekkjavatnet


Den fyrste isen (kanskje)......

Canon EOS 7D. Canon 50mm f1,4. Lukker 1,3 sek. Blender f13. ISO 100.

torsdag, oktober 08, 2009

På sopptur


Kantarellen har blitt litt nedsnødd, men bra utbytte likevel. Og ein veldig hyggeleg telefon frå fotoforhandleren undervegs:)

Sony E. K550i

mandag, oktober 05, 2009

Halbrendsnipa



Fjellturer byr på høst og kantarell i låglandet og vinter på toppane. Og det regnar faktisk ikkje heile tida! Av og til snør det og ikkje rett sjeldan kikar sola fram.

Sony E K550i

onsdag, september 30, 2009

Forsmak på vinter


Hadde planar om ein tur i snøen på Fauskevarden. Men sjølv om eg var skodd for vinter, trudde eg det var unødvendig å sko bilen for vinter. Dermen var det ikkje forsvarleg å parkere for å gå tur. Bilulykke i området vitna og om det glatte føret.

Sony E K550i

tirsdag, september 29, 2009

Kvite toppar


Snødrev og kvitt på toppen av Halbrendsnipa, men framleis haust ved Langelandsvatnet. Møtte folk på sauesank, ikkje alle har kome ned frå fjellet i rett tid. Vel nede frå nipa valte eg å gå mot skistadioen for å treffe kjente og få skyss heim:)

Sony E. K550i

mandag, september 28, 2009

Mykje vatn


Det var mykje nedbør i august, men tydlegvis meir i september. I Osen har vatnet her trekt seg litt tilbake, men i går stod vatnet opp til vindauget på denne bilen. På Førsnipa er det no snø:)

Sony E. K550i

lørdag, september 19, 2009

Ferieslutt


Når véret klaffar på denne årstida er det verkeleg ei fin tid å feriere i fjellet! Snø og is kan skape utfordringar på toppane, men om ei vel turar utan spesielt utsette parti får ein utsyn mot fleire årstider. Nede med sognefjorden er det grønt enno, litt lenger oppe i lia nydelige haustfargar og frå ca 1700 meter ligg nysnøen. Nydelig:)

Inspirasjon frå fire dagar med fotokurs resulterte i mange fotostopp på heimvegen. Her frå ein liten avstikkar til Anestølen. Litt gråvér denne dagen, men når ein brukar så mange timar i bilen er det heilt greit. Fine fotoforhold vart det og med det varierande lyset.

Til Fanaråken uten tåke


På fototur. Med ein lånt 17-40mm. Men dette er tatt med min 70-200mm som satt mykje på kamerahuset denne dagen.

fredag, september 18, 2009

Kreative gardseigarar


Innmark har tydlegvis mange bruksområder.....


Og på eit klyngetun i indre sogn er planane klar. Handtverket har rot i norske tradisjonar, men restaureringa må seiast å vere reine internasjonale samarbeidet.

torsdag, september 17, 2009

onsdag, september 16, 2009

Tilbake til Turtagrø


Fin tur over fjellet i dag. Og ettersom eg no skal på kurs og bli veldig kreativ og nytenkande passar det med eit postkortbilete i dag:) Etter så mange dagar i fjellet vart det ein Sogndalstur før middag på Turtagrø. Leirvassbu stenger snart for sensongen, og åpner for filminnspeling (Fritt Vilt III).

tirsdag, september 15, 2009

Bukkehøe, 2314


Nok ein dag med flott vér. På toppen kunne vi nyte Real Turmat og sjå skyene som kom snikande frå vest. Frå denne toppen ser ein langt vestover, og i øst ser ein rett på Galdhøpiggen på andre sida av breen. Turen ned var heldigvis ikkje så bratt som turen opp (tilsynelatande).....

mandag, september 14, 2009

Kyrkja og Langvasshø


To toppar vart det i dag. Snøen har smelta bra, og det var ingenting å seie på véret. Sjølv om det framleis var snø og is i skuggane må dette vere ein av dei varmaste dagen eg har tilbrakt til fjells i år!

søndag, september 13, 2009

Høsttur på Dyrhaugstind


Det skal ikkje mykje til før alle regndagane i august og september er gløymt! Flott avsluttning på fjellfilmfestivalen med ein tur til Dyrhaugstind i strålande vér. Og med haustfargar i dalane og nysnø på toppane kan det ikkje bli noko betre! Reiste deretter videre til Leirvassbu for å få med nokre toppturar i Leirdalen.

lørdag, september 12, 2009

I blåisen


Arrangert tur på Nigardsbreen. Tilbake på Turtagrø var det mange interessane foredrag å velge blandt, og bra var det for ute var det både vått og kaldt.

fredag, september 11, 2009

Fjellfilmfestival


Telt, presening, regn, feilparkering, Helgedalen, Baileys, kø og real turmat......

søndag, september 06, 2009

Helgedalen


Heller ikkje denne gongen fekk eg gått Styggedalen. Det var tåke og sludd, tok kjappaste vegen heim. Fanaråken var det heller ingen som ville opp på...... Men reinen ser ut til å ha tråkka same vegen.

lørdag, september 05, 2009

Sofus mønstrar av


Sauane var på veg vestover, heim til Fortun. Vi gikk mot øst, til Skogadalsbøen for å hente buksa til Mariann.

torsdag, september 03, 2009

Solgløtt


Sola dukka overraskande opp i dag. Her var det berre å forlate kontoret og dra til fjells. Det skya fort til att, men turen var flott den. Utsikt frå Tindefjellet i Jølster.

Canon Poweshot G10

tirsdag, september 01, 2009

Regn x28


Det er blitt høst! Vil berre oppsumere august med litt fakta, 28 regndager.......

Sony E. K550i

søndag, august 30, 2009

Regnsøndag


Krabbeteina sette vi optimistisk ut att i går. I dag vakna vi til kuling, og teina fekk bli ute litt ekstra lenge..... Det vart heller laber fangst, men to krabbar hamna til slutt i gryta.

lørdag, august 29, 2009

På segletur


Det er ikkje ofte det skjer. Kan då heller ikkje samaliknast på nokon måte med min forrige (og einaste) segltur. Artig var det, og båten er førtiårsjubilant i 2011, heimesnekra på Årebrot. Ellers har dagen vore innbringande: 1 krabbe, 15 makrell og 3 lyr.

fredag, august 28, 2009

Keipen i solnedgang


Vekk frå regnet i indre:) Vérmeldingane gjeld tydligvis ikkje her i ytre strøk.

søndag, august 23, 2009

Soloppgang frå 2068.


Ein kan vel ikkje alltid få det som ein vil....... Etter å ha blitt passe nedsnødd i hytteveggen var det berre å gå inn att.

lørdag, august 22, 2009

På Fanaråken


Såg Hurrungane på vegen opp, men så kom skodda. Har høyrt rykter om alle desse tåkedagane, men eg har alltid hatt flott vér...... Ein gong må bli den fyste. Dette var det siste eg såg av sola.

søndag, august 16, 2009

Nattleg hjortesafari


etterfulgt av ein tur på Saksa. So var det på tide å reise tilbake til Sunnfjord. Men Sunnmørsalpane må eg tilbake til:)

lørdag, august 15, 2009

Lue og votter er kjekt å ha.....


På toppane var det snø. Vi måtte diverre snu på ca 1400 meter, det var vind og regn og egga såg lite fristande ut. Skruven er skjult i tåka bakom første toppen. Det var flott utsikt over fjella og Norangdalen frå varden der vi snudde, og ettersom denne i følgje kartet ikkje har noko namn har vi no kalla den bitte lisje Skruven. Etterpå var det godt å komme til Knutegarden å få Hjortegryte. Og jammen vart det ikkje ein tur i selet etterpå med sjokoladekake og noko attåt:)

fredag, august 14, 2009

Ein sunnmørsalp!


Meir bestemt Saksa. Men berre bilkøyring denne dagen, og ein flott mottakelse på Knutegarden med heimelaga fiskesuppe.

søndag, august 09, 2009

Soloppgang og morgontur på Stryneskåla


Om solnedgangen i går var flott så var soloppgangen i dag mykje finare:) Det var ei perfekt blanding av tåke, skyer og sol som braut igjennom. Å få oppleve dette frå 1.800 meter og sjå ned på skoddehavet som dekkjer fjord og dalar er verkeleg spesielt. Etterpå rakk eg ein morgontur på Stryneskåla medan dei andre i tårnet (turlagshytta på Skåla) meir eller mindre snorka vidare.....

Ettersom dette eigentleg var meint som ein fotoblogg og ikkje turblogg, har eg denne gongen valt å leggje ut dette bilete av ei ku vi møtte på vegen heim istaden for mine ordinære turbilete:) Dette synast eg sjølv vart eit spanande og litt uvanleg utsnitt av ei elles ordinær norsk ku på sommarferie. Sjølv om dei framtredande linjene i motivet ikkje framhevar faktum at kua er på sommarferie, syns eg dei løftar komposisjonen. Nokre av bileta frå morgonen på Skåla finn du derimot her Nordfjord. Klikk på thumbnail for å sjå stor versjon.

lørdag, august 08, 2009

Skåla


Det her herlig på fjellet! Denne helga skulle tilbringast på Skåla og eg hadde sett for meg duskregn, kaldt tårn og null solned/oppgang. Mokkabønner og vin vart difor rekna som vel så viktige ingrediensar i sekken som kamerautstyr. Men slik vart det ikkje! Sola dukka opp i det vi hadde lagt 1.500 høgdemeter bak oss og siste etappen i kveldslys vart verkeleg eit skue. Det må seiast at gliset satt bredt hos begge turdeltakarane. Og tårnet, ja det var sjølvsagt allereie varma opp:)

Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8