tirsdag, februar 05, 2013

Kongebesøk


For eit år sidan fekk eg telefon med tilbud om å vere med på ørnefotografering ved Dalen villmarksenter. Eg var på den tida stasjonert på Bjørnøya der det venta eit yrande fugleliv. Men rovfuglen var fråværande, og eg sa sjølvsagt ja til denne flotte muligheten med ein gong. Noko å glede seg og sjå fram til er viktig for ein hobbyfotograf.

Jostein har sett opp eit nytt skjul som eg fekk anleding til å benytte. Så etter at han hadde skyssa karane inn til Gaupebu fekk eg sitte på opp dei bratte bakkane til Einmannsbu. Her fekk eg ein flott soloppgang og tidleg besøk av både ravn, kråke og skjære. Innimellom stakk heile bølingen av, så det kunne sjå ut til at det var håp også for å sjå ørn.

Etter mange timar dukka ørna endeleg opp ved åteplassen. Ørna er førebels veldig var på plassen, og ein må være svært varsam med bevegelse. Nokre bilete vart det i nydelege omgivelsar før sola gikk ned.

 
Kråkefuglane var på åteplassen heile formiddagen.
 


Søndag var det meldt skya og nedbør. Utsitene var difor gode til at ørna skulle komme innom åteplassen. Denne dagen vart eg kjørt til Gaupebu. Her fekk eg besøk av fleire ørn i løpet av dagen.