lørdag, oktober 30, 2010

Nye artar ved matfatet



Det har ikkje blitt festa noko spanande fuglebilete til bildebrikka enno. Men det er på sin plass med ei lita artsoppdatering, om ikkje anna for å få det dokumentert for ettertida :) Det har dukka opp ei ny meis som er fast gjest. Eg er ganske sikker på at dette er ei løvmeis. Eg har og sett at ein av gjestane frå i vår var innom, ei spettmeis.


Eit skjærepar har hekka i ei gran i hagen i fleire år. I år var det så mange ungar som skulle ut av reiret at det var vanskeleg å halde teljing på dei, men eg trur det var fire. Det er underhaldande når desse skal lære å fly. I tillegg har skjæreparet det artig med å plage ein av dei mange kattane i nabolaget. No er det ikkje så mykje som skjer lenger, men det ser ut til at dei fattar ei viss interesse for maten som heng i treet. Den må iallefall surrast godt fast, ellers forsvinn den fort. Ein katt var også oppe i treet her ein dag og ville ha ein smakebit.

fredag, oktober 29, 2010

Postkassestativ


Ein fredag ettermiddag, ein plass eg aldri har vore tidlegare. Sjølv om det berre er 10 minutt unna.

Haust ved Huldefossen


Snøen smeltar og det er relativt mykje nedbør. Det vert det flotte motiv av :)

søndag, oktober 24, 2010

Så kom vinteren


Det vert nok berre for ei lita stund. Men kjekt er det. 5km prepparerte skiløyper i oktober må seiast å vere bra:)

fredag, oktober 15, 2010

Foringsplass

Eg jobbar for tida med å få aksept blandt mine næraste bevingede naboar. Eg håpar på forståelse frå naboar utan vingar.....



Kjøttmeisa er den mest talrike av naboane mine. Av ein eller anna grunn forsvant skepsisen deira til meg når eg la meg ned på bakken. Dette passa perfekt, då fekk eg og med eit snev av kveldslyset på Førdsnipa. Ellers er det lite med sollys på fugleplassen før til våren, så det vert stor blendar og høg ISO framover. Dei har godtatt reflektoren min, så det kan vere at ei alternativ lyskjelde må på plass.





Ei blåmeis har og nytta seg av foringsplassen. I tillegg har eg observert to gråspurv og ein raudstrupe i haust. Om du har tips eller gode råd om foring og til fotograferinga er eg takksam for det!

tirsdag, september 28, 2010

På oppdrag

Maritime Montering AS er ein av Europas største leverandørar av skipsinnreiing. Eg fekk oppdraget med å ta bilete av skipet "Acergy Havila".


2-manns lugar på eit av den nedre dekka.




Både på brua og i Sky lobby finn ein flotte detaljar i listinga ved dørk og himling.

lørdag, september 25, 2010

Morus (bedre kjent som Sula) bassanus


So vidt eg veit er det ikkje observert hekkande Havsule i Bremanger. Dette er det første eksemplaret eg har sett av arten, og diverre er den ute av stand til vidare hekking.

onsdag, juli 28, 2010

Historisk "vandring" på Frøysjøen


Omvendeskaret, Hennøya og Fura ligg langs sørsida av Frøysjøen. Bilete er teke frå Fura, mot Vingen. På Fura finn ein mykje restar etter busetnad.

I Vingen er det til no avdekka 2000 helleristningar. Helleristningane vart gjort kjend av begensadvokaten Kristian Bing i 1912, etter at han fekk kunnskap om desse via lokalbefolkningen. Dei eldste helleristningane er frå ca 3-4000 f.kr. På Fura og vidare mot Hennøya finn ein og helleristningar, og i nærleiken av omvendeskaret ligg det 4 gravrøyser.

På heimvegen gjekk turen rett under Hornelen. Bing, som den fjellpioneren han var, klatra opp dette fjellet i 1897 frå sjøsida i aust. Men han var ikkje den fyrste! Allerede 900 år før Bing, var turen klatra av kong Olav Tryggvason.

Det oppstod opptil fleire tekniske problem under dagens historiske "vandring". Min tripod er blitt redusurert til ein to og ein halv pod, og den allereie kranglete snorutløysaren fekk eit lite bad i salt vatn (fungerer no betre enn på lenge etter visse grep). Den største lærdomen var nok at 11 liter bensin er ikkje nødvendigvis nok.

tirsdag, juli 20, 2010

Vindhellavegen


Vindhellavegen slik den står i dag var ferdig i 1843. Vegen var for bratt med ei stigning på 1:5. Dermed var den etter berre 30 år ute av bruk.

Norske linjer 2

I 2000 starta bygging av ny europaveg i Lærdalsdalen. Det var no på tide å køyre den gamle traseen der dette framleis er mogleg (ein er jo på ferie). Det vart og tid til litt turgåing langs "historisk rute".




lørdag, juli 17, 2010

Campingliv

Kjekt å ha 300mm i nærheten når ein hamnar på ein slik plass. Flott kveldslys og mykje fugleliv.


Dette er første gong eg prøvar å fange ternene i det dei stuper etter fisk. Ingen fulltreffere på nært hald, men har fått terpa litt teknikk og håpar den sitter til neste gong eg får ein slik mulighet igjen!


Terne i flukt


Hettemåke

onsdag, mars 17, 2010

Tegne skog med lys

Det har blitt mildvér og regn. Fotoaktiviteten har vore heller laber i det siste. Så no skal eg aktivt gå inn for å fotografere denne veka, håpar det gir nokre spanade resultat. I kveld fann eg fine tre ved fjorden, desse vart fotografert med lang lukkar og varierande brennvidde. Slike forhold kan gi overraskelsar når eksponeringa er ferdig. Sjølv om skumringstimen var på hell, spegla ymse lys seg i fjorden. I ei retning vart det varme lyset frå skisenteret i Blomlia dominerande.



Canon EOS 7d, Canon 70-200 f4,0 IS USM L. Blender f/4,5, lukker ca 3,5 minutt. ISO 200.



Canon EOS 7d, Canon 70-200 f4,0 IS USM L. Blender f/4, lukker ca 6 minutt. ISO 200.

lørdag, mars 06, 2010

Førde fotoklubb på tur til isgrotta.

I 2008 berre måtte eg inn å sjå isgrotta under Nigardsbreen i Jostedalen. Fleire i fotoklubben var interessert så vi fekk arrangert ein fototur. I år meldte fleire interesse for ny tur, og til slutt var vi fem som reiste. Denne grotta er mykje mindre enn den førre vi besøkte, og den slapp inn meir lys. Dermed vart det heilt andre fotoforhold. Vi fann og mykje fint ved kanten av breen. Blåisen er godt synleg grunna den nedbørsfattige vinteren. Flott tur i triveleg selskap.


Luft og grus i is.


Flotte lysbrytningar gjennom isen.


Vangsen framviste etter kvart eit imponerande tålmod. Det må nemnast at han vart med på fleirtalet av mine bilete. Men til mitt forsvar har eg sett isgrotter før. So vidt eg veit er det fyrste gong eg har sett blåaugd husky i blåis.

fredag, januar 29, 2010

Tålmodig, merkeleg eksponert turgåar på måneskinnstur til Nonsnipa


Framleis lite snø....... Vi snudde difor i ura under toppen. Lite snø, dårleg føre og ganske fråværande måneskinn. Alle var likevel samde om at det hadde vore ein fin tur:)

Turgåar er kunstig opplyst av diverse hovudlykter samt blits. Dette gjorde til at det rett og slett var teknisk umogeleg å få riktig eksponering på både Vassenden og Turgåar. Skal ta med kraftigare blits neste gong slik at eg får lyst opp både Turgåar og Vassenden, jaudå:)

Blender f/9, lukker 3,2 sek. ISO 1250.

søndag, januar 24, 2010

Trygg is


Den lange kuldeperioden med lite nedbør har gjort til at skøytene har vore teke i bruk (rett nok berre ein gong) etter ca 10 års oppbevaring i ymse boder. Men dette er på veg til Terdalskeipen på skitur. Den vart avslutta utan ski, då snøen i ytre tydlegvis har byrja å blåse vekk......

søndag, januar 10, 2010

Skitur i Jølster


Klima i Sunnfjord siste vekene har ført til at området liknar ein arktisk ørken. Men sjølv med lite snø i fjellet, må ein opp på toppane. Teke frå toppen av Bolsetnipa mot Snønipa.

Canon 7D, Canon EF-S 15-85, lukker 1/1000 blender f7.1 ISO 400