Jan Mayen er Norges utpost i vest og ligg ca 900 kilometer vest for det norske fastland. Øya er 377 kvadratkilometer stor og ligger på 71 grader nord. Næraste naboar er Grønland 500 kilometer vest for øya og Island 600 kilometer sørvest.
Flystripa på Jan Mayen er ikkje egna eller utbygd for kommersiell trafikk og rutetrafikk. I tillegg er vèret ei stor utfordring. Flytrafikken er svært begrensa og delar av året kan ikkje flystrippa nyttast. No ventar vi i spenning på om flyet som skal hente gjestar og avtroppande besetning får landingsforhold torsdag 11. april. Etter dette er neste flyanløp i juli.
18 personar jobbar og bur på Jan Mayen. Alle held til på INI OPS stasjonen til forsvaret.
Klart for høvdingebytte ved forsvarets INI OPS stasjon |
14 av dei fastbuande er tilsett i forsvaret. I tillegg har Vervarslinga for Nord-Norge 4 tilsette som jobbar ved den meteorologiske stasjonen som ligg 3 kilometer unna forsvaret sin stasjon.
Metten, den meteorologiske stasjonen på Jan Mayen |
5 kommentarer:
Haha! Eg likte det skiltet :)
Dette ser nesten ut som brøytestasjonen på Gaularfjellet, bra sommaren er i vente ... Lukke til Marion!
Takk :) Skiltet er fint ja, mykje anna i same stil her oppe. Høvdingebytte er markert med ein seremoni som vert avslutta med salutt der tøflene til avtroppande høvding blir stappa i kanona.
Ser ut som om våren er eit stykke unna der også! Men det er sikkert varmt og hyggeleg innomhus! Håpar du får eit fint opphald Marion, og mange flotte fotos! Mvh Elna
Takk Elna :) No har våren byrja å kome hit og...
Legg inn en kommentar