onsdag, september 30, 2009

Forsmak på vinter


Hadde planar om ein tur i snøen på Fauskevarden. Men sjølv om eg var skodd for vinter, trudde eg det var unødvendig å sko bilen for vinter. Dermen var det ikkje forsvarleg å parkere for å gå tur. Bilulykke i området vitna og om det glatte føret.

Sony E K550i

tirsdag, september 29, 2009

Kvite toppar


Snødrev og kvitt på toppen av Halbrendsnipa, men framleis haust ved Langelandsvatnet. Møtte folk på sauesank, ikkje alle har kome ned frå fjellet i rett tid. Vel nede frå nipa valte eg å gå mot skistadioen for å treffe kjente og få skyss heim:)

Sony E. K550i

mandag, september 28, 2009

Mykje vatn


Det var mykje nedbør i august, men tydlegvis meir i september. I Osen har vatnet her trekt seg litt tilbake, men i går stod vatnet opp til vindauget på denne bilen. På Førsnipa er det no snø:)

Sony E. K550i

lørdag, september 19, 2009

Ferieslutt


Når véret klaffar på denne årstida er det verkeleg ei fin tid å feriere i fjellet! Snø og is kan skape utfordringar på toppane, men om ei vel turar utan spesielt utsette parti får ein utsyn mot fleire årstider. Nede med sognefjorden er det grønt enno, litt lenger oppe i lia nydelige haustfargar og frå ca 1700 meter ligg nysnøen. Nydelig:)

Inspirasjon frå fire dagar med fotokurs resulterte i mange fotostopp på heimvegen. Her frå ein liten avstikkar til Anestølen. Litt gråvér denne dagen, men når ein brukar så mange timar i bilen er det heilt greit. Fine fotoforhold vart det og med det varierande lyset.

Til Fanaråken uten tåke


På fototur. Med ein lånt 17-40mm. Men dette er tatt med min 70-200mm som satt mykje på kamerahuset denne dagen.

fredag, september 18, 2009

Kreative gardseigarar


Innmark har tydlegvis mange bruksområder.....


Og på eit klyngetun i indre sogn er planane klar. Handtverket har rot i norske tradisjonar, men restaureringa må seiast å vere reine internasjonale samarbeidet.

torsdag, september 17, 2009

onsdag, september 16, 2009

Tilbake til Turtagrø


Fin tur over fjellet i dag. Og ettersom eg no skal på kurs og bli veldig kreativ og nytenkande passar det med eit postkortbilete i dag:) Etter så mange dagar i fjellet vart det ein Sogndalstur før middag på Turtagrø. Leirvassbu stenger snart for sensongen, og åpner for filminnspeling (Fritt Vilt III).

tirsdag, september 15, 2009

Bukkehøe, 2314


Nok ein dag med flott vér. På toppen kunne vi nyte Real Turmat og sjå skyene som kom snikande frå vest. Frå denne toppen ser ein langt vestover, og i øst ser ein rett på Galdhøpiggen på andre sida av breen. Turen ned var heldigvis ikkje så bratt som turen opp (tilsynelatande).....

mandag, september 14, 2009

Kyrkja og Langvasshø


To toppar vart det i dag. Snøen har smelta bra, og det var ingenting å seie på véret. Sjølv om det framleis var snø og is i skuggane må dette vere ein av dei varmaste dagen eg har tilbrakt til fjells i år!

søndag, september 13, 2009

Høsttur på Dyrhaugstind


Det skal ikkje mykje til før alle regndagane i august og september er gløymt! Flott avsluttning på fjellfilmfestivalen med ein tur til Dyrhaugstind i strålande vér. Og med haustfargar i dalane og nysnø på toppane kan det ikkje bli noko betre! Reiste deretter videre til Leirvassbu for å få med nokre toppturar i Leirdalen.

lørdag, september 12, 2009

I blåisen


Arrangert tur på Nigardsbreen. Tilbake på Turtagrø var det mange interessane foredrag å velge blandt, og bra var det for ute var det både vått og kaldt.

fredag, september 11, 2009

Fjellfilmfestival


Telt, presening, regn, feilparkering, Helgedalen, Baileys, kø og real turmat......

søndag, september 06, 2009

Helgedalen


Heller ikkje denne gongen fekk eg gått Styggedalen. Det var tåke og sludd, tok kjappaste vegen heim. Fanaråken var det heller ingen som ville opp på...... Men reinen ser ut til å ha tråkka same vegen.

lørdag, september 05, 2009

Sofus mønstrar av


Sauane var på veg vestover, heim til Fortun. Vi gikk mot øst, til Skogadalsbøen for å hente buksa til Mariann.

torsdag, september 03, 2009

Solgløtt


Sola dukka overraskande opp i dag. Her var det berre å forlate kontoret og dra til fjells. Det skya fort til att, men turen var flott den. Utsikt frå Tindefjellet i Jølster.

Canon Poweshot G10

tirsdag, september 01, 2009

Regn x28


Det er blitt høst! Vil berre oppsumere august med litt fakta, 28 regndager.......

Sony E. K550i