mandag, juni 29, 2009

Avreise


Siste natt/dag på M/S Origo gikk med pakking og eit besøk i "pianobaren". Etter frukost fekk vi landlov i Longyearbyen (sjøv om eg trur vi alle var klar for ein tur til......). Litt fotografering fekk eg tid til før flyet gikk. Og ein kan ikkje klage på oppmøtet, på ein knapp kilometer fekk vi nyfikne blikk frå Tjuvjo, rev, alkekonge og rein. Takk til både turkameratar, mannskap, guidar og medpassasjerer. Dette var ein kjempetur!!!!

Fleire biletefrå turen på mi nettside, serie Svalbard: www.mln.foto.no

søndag, juni 28, 2009

Grumantbyen


Tamme revar ryktast det om så mange plassar på Svalbard. Og den lokka oss til Grumant, ein nedlagt gruveby. Dette var det eg såg av reven, han fekk nok ferten av oss og tok beina fatt over snøen. Etter ei heller våt avreise frå (den langgrunne) stranda, fekk vi etter middag fotografere blomar og skipsvrak før det var tid for å sette kurs mot Longyearbyen.

lørdag, juni 27, 2009

Richardlagunen


Ved Richardlagunen var kvalrossane i det fotogene hjørnet, og dokumenterte vart dei! Polarsvømmesniper i parring vart og festa til bildebrikka, samt ein litt ilter fjæreplytt. Både ettermiddag og kveld gikk med her på stranda, noko som for mange var høgdepunktet på turen!

fredag, juni 26, 2009

Ja takk, begge deler!


Tilbake på M/S Origo var det berre å pakke om og gjere klar til ny utflukt. Fjelltur eller Zodiak langs breen var turleiar sitt valg. Ja, takk begge deler sa vi. Ein fantastisk fjelltur i midnattsol med nærkontakt med rype, rein, fuglefjell og rev. Vel nede på stranda hadde det blåst opp og kapteinen ville ha oss rett tilbake til båten, så då vart det ikkje begge deler like vel..... Klokka fire var eg i seng, men på dekk måtte dei låre ein Zodiak på nytt for nokon hadde fått motorstopp og måtte ha assistanse. Etter nokre timar med søvn var eg klar for å finne reven i Ny-Ålesund. Ho var ikkje like interessert som oss andre i å bli festa til bildebrikka, men nokre glimt av revungane vart det no.


Fuglefell og Zodiak blant is fekk vi og tid til, men det var kaldt og når snøbyga kom dro vi tilbake til båten. Her vart det akkurat tid til eit "besøk" i pianobaren før middagen:)

torsdag, juni 25, 2009

Kontrastar


I ett tida ankra vi opp for natta i ein fjord med flott natur. Bre med blåis og sprekker, alpine fjell og eit nydelig lys gjorde at det var vanskelg å komme seg i seng. Etter frukost var det først klart for Zodiaktur. Nokre timar etter strandhogg med blomefotografering. Store variasjonar, men ein vert påminna om at sommaren er her når ein finn fram makroobjektivet.

onsdag, juni 24, 2009

Kvalross på is


Var oppe på dekk ein tur i natt ved ankring. Då var det regn i lufta og grått og trist. I fjorden var det fleire selar, så nokre ville vere vakne og stå isbjørnvakt. Morgonen kom utan at noko var observert, så ankeret vart letta og vi dro nordover. Her fekk vi sjå kvalross, storkobbe og nok ein isbjørn. Denne hadde gravd seg i grop på ei lita øy, så vi fekk anledning å fotografere frå Zodiak.

tirsdag, juni 23, 2009

Zodiaktur blandt fugl, sel og kval.


I Hamiltonbukta er det eit yrande fugleliv. På land finn ein spor etter både rev og bjørn, men vi holdt oss i Zodiaken denne dagen.


På ettermiddagen dukka også bjørnen opp på isen:) Det er ikkje berre lett å komme seg ned frå køya og opp på dekk når ein får ein slik beskjed. Heldigvis rakk eg å få sjå bjørnen tusle bortover før han la seg ned. Kaffi og kvikklunsj med utsikt mot pakk is, flotte fjell og bjørn kan anbefalast! Det var heller ikkje heilt enkelt å sitte stille ved middagsbordet trass i att ein hadde observert bjørnen ligge rolig i to timar. Bjørnen måtte strekke litt på beina, og det var nok til at alle storma på dekk att midt i biffen. Men han var tydligvis ikkje påverka av godlukta og hadde allereie inntatt horisontalen i det vi var klare med kamera. I desserten var det ut på dekk nok ein gong, då ein luftbutebåt forstyrra idyllen. Heller ikkje dette påverka bjørnen i stor grad. Vi forlot den etter ca 5 timer, tydeleg at han hadde god tid......

mandag, juni 22, 2009

På fotoekspedisjon!


Eg er innkvarter i M/S Origo og på veg opp langs vestkysten av Spitsbergen. Båten har kurs nordover mot pakk isen, vi skal finne isbjørn:)

søndag, juni 21, 2009

Nattefotografering


I slikt vér er det på natta ein finn det fine fotolyset. På Svalbard er det midnattsol, og den står høgt på himmelen! Her i nærleiken av Bjørndalen kvart over to.

Canon EOS 40D, Canon 300mm f2,8 L.

lørdag, juni 20, 2009

Kajakktur og Jonsokfeiring


Etter å ha padla over Adventsfjorden var det bålbrenning og spekemat i Hiorthamn. Tilbake i hamna i Longyearbyen var det klart for Jonsokbål og bading for dei frivillige.

Canon Powershot G10

fredag, juni 19, 2009

På Sarkofagen


Sarkofagen, 500 moh, er ein lett tilgjengelig topp med utsikt mot Longyearbyen og Adventsfjorden. Vi gikk opp langs Larsbreen med retur via Longyearbreen. Her var det stopp for fossilplukking.

Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8.

torsdag, juni 18, 2009

Ferietur:)


Kom til Longyearbyen i dag og rakk å besøke alle sportsbutikkane og bruke mykje penga. No er shoppinga over, og eg fekk til og med bli kompis med to rein i sentrum.
Canon EOS 40D, Canon 300mm

søndag, juni 14, 2009

Alden med Flora turlag!


Med den obligatoriske badinga etter fjellturen. Eg holdt meg til den obligatoriske fotodokumenteringa av bandinga:)

Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm

torsdag, juni 11, 2009

Litt meir feiring


Nokre raringar dukka opp denne dagen...... Hadde nok ikkje fått med seg at middagen var i går, difor det litt sjokkerte uttrykket.

Canon Powershot G10

søndag, juni 07, 2009

På nye stier


Eg har gått på nordsia av Bekkjavatnet før, men at ein kunne gå på sti rundt heile vatnet var nytt for meg. Så det måtte sjølvsagt prøvast ut. Fint var det.

Canon Powershot G10

fredag, juni 05, 2009

Eit lite stykke Noreg

Endå ein fototur med fotoklubben. Denne gongen i sommarlege omgivelsar på Mo. Blandt kalvar, grøne enger, blomar, Huldrefossen og ja resten av alt det nasjonalromantiske greiene fant vi mange fotomotiv. Etterpå vart det ein triveleg kveld på Peppes.



Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8. Blender f10, lukker 1/500.



Canon EOS 40D, Sigma macro 105mm f2,8. Blender f2,8 Lukker 1/1600

torsdag, juni 04, 2009

Sommersyssel


Fekk plutseleg trang til å vere litt husleg. Så då vart det roseplanting.

mandag, juni 01, 2009

Mosekleivhornet


Flott utsikt ned til ei av dei vakraste bygdene i Noreg, Hoddevika.

Canon EOS 40d, sigma 18-50mm f2,8