torsdag, april 30, 2009
Runde
Ein tur til Runde høyrer med på våren. Vérmeldingane såg bra ut, så det var berre å pakke i bilen å reise. Rakk akkurat å setje opp teltet før kveldslyset kom og Lundeura lokka. I fjor var det ein mislykka hekkesesong, men no er dei i gang igjen. Egga er lagt og dei sysla no på med sitt. Så får ein sjå om det er nok Tobis utpå sommaren. Etter klokka ti var det smått med lys og på tide å gå ned att til campingplassen og opne vinflaska. Fleire bilete
Canon EOS 40D, Canon 300mm f2,8 L IS USM. Lukker 1/500, blender 5.0, ISO 800
onsdag, april 29, 2009
lørdag, april 25, 2009
Heim frå blåtur
Komiteen har laga eit veldig bra turopplegg med mykje opplevelsar. Sykkelturen til Bulandet i går vart ganske forblåst, men i dag var véret på betringens veg. Trass i ein fuktig kveld møtte alle til frukost. Deretter kunne returen på sykkel, samt fottur til Høgekletten, nytast i solskinn. Då returen gikk via Fure fekk vi diverre ikkje støtta softis-salet i Askvoll denne fine dagen.
Canon Powershot G10
fredag, april 24, 2009
Blåtur
onsdag, april 22, 2009
mandag, april 20, 2009
Kvitveis, Hafstadfjellet, linerle og tråtraktor
No samsvarar eigentleg ikkje tekst og bilete i det heile.... Men saken er den at sjølv om ein har ein fancy kompakt, så hender det at ein drar på tur utan kamera. Det skjedde i dag. Og eg har verkeleg prøvd å finne ein kvitveis i kveld etter at eg kom ned frå fjellet, men måtte til slutt gi opp og ta bilete av Førde sin nye parkeringsplass i staden....
Eg har konstantert at ein kan gå stien frå Bekkjavatnet opp til Hafstadfjellet (berre bittelitt snø). I lia var det nokre kvitveis som må ha dukka opp nyleg, og når eg kom ned til vatnet trefte eg ei linerle. No har eg sett både kvitveis og linerle før i år, men det er greit å stadfeste det i bloggen likevel. Tråtraktoren har eg førebels ikkje sett.
Canon Eos 40D, Sigma105mm 2,8 DG Macro.
søndag, april 19, 2009
lørdag, april 18, 2009
Skåla, igjen
Denne gongen med eit fantastisk vér, klar sikt og mykje folk på toppen! Det har smelta mykje snø sia sist. Flott nedrenn i kjempeføre. Konklusjonen er likevel at det faktisk er nok med ein skitur på Skåla på ein sesong. Men eg satsar på ein fottur på seinsommaren:) Årets første is på veg heim (då vi endeleg fant ein open bensinstasjon).
Canon Powershot G10
fredag, april 17, 2009
torsdag, april 16, 2009
Førde fotoklubb -ut på tur.
Av og til må ein ta ein fototur. Det har minka på snøen, så vi valgte Fauskevarden framfor Sundsdalen. Neste tur vert nok av ein vårleg karakter.
Canon EOS 40D, Canon 70-200mm f/4 L IS USM. Iso 200, blender 8, lukker 1/640.
Hafstadfjellet og Halbrendsnipa.
Canon EOS 40D, Canon 70-200mm f/4 L IS USM. Iso 200, blender 7,1, lukker 1/500.
Men det er vår altså......
Canon 40D, Canon EF 50mm f1,4. Blender 1,4 lukker 1/50 ISO 200.
mandag, april 13, 2009
Heime att
søndag, april 12, 2009
Finduswrap
lørdag, april 11, 2009
fredag, april 10, 2009
Skåla 1843 m.o.h.
Vakna til styrtregn, og avreise vart utsett ein time. Men vérmeldingane lova betring, og vi la av gårde og kom oss på toppen:) Skia måtte bærast dei første 400 høgdemeterane. Det hadde vore folk her tidlegare i påska, men denne dagen hadde vi fjellet heilt for oss sjølve. Opphald heile turen, litt vind og litt sol underveis. På toppen var det skiftande "tåkedekke", vi sette oss ein halv time i tårnet og gleda oss til nedturen! Merkeleg nok var beina ekstra trøtte akkurat i denne nedoverbakken:) Tung luggesnø på toppen, jamnare føre frå Skålavatnet og ned.
Canon Powershot G10
torsdag, april 09, 2009
På hyttetur
søndag, april 05, 2009
Palmesundag
lørdag, april 04, 2009
Det er vår og det er påske:)
Dersom ein strekkjer godviljen til ser ein at det byrjar å verte grønt på bøane. Nokre sauar har allereie kome ut på beite, båtane rullar rundt på vegane og tohjulingane er henta fram frå garasjen (både dei med og utan motor). Kva er vel då betre enn ein tur på Isvassnipa? Fleire bilete
Canon G10 (med instillingar som vitnar om at fotografen ikkje har lese bruksanvisninga på førehand...)
onsdag, april 01, 2009
Reinen er her
Abonner på:
Innlegg (Atom)