mandag, oktober 08, 2012

Ein dag i lykkland



Det har i det siste, som ofte før, blitt alt for lite fotografering. Etter å ha vore rundt på ein del flotte fotolokalitetar har det lett for at eg nok har vorte litt bortskjemd og ikkje finn motivasjon til å fotografere i kvardagen. Ein kamerat ringte og fortalte om flotte muligheter for å fotografere spurvehauk i Dalen i Telemark. Det var med andre ord på tide å tømme minnekort, lade batter og pakke fotoutstyret.

Jostein ved Dalen Villmarksenter viste tidleg fredag morgon vei opp bakkane til det etterkvart kjende fotoskjulet Lykkeland. Her har han lagt til rette for at fotografar skal få muligheten til å fange spurvehauken på jakt. Spurvehauken er den minste rovfuglen i Noreg, og den held til i heile landet. Dei ulike fuglane kan variere mykje i størrelse og i farge. Fuglen jaktar hovudsakleg småfugl, men kan og ta gnagarar.

Denne dagen fekk vi observere spurvehaukens jakt. Nøtteskrikene i Lykkeland var under stadig angrep, og ein og anna gong følte nok også ekorna på dødsangsten i lysninga. Etter ti timar var mange situasjonar blitt fanga på bildebrikka, og eg var ei erfaring rikare. Takk til Jostein som har lagt til rette for dette. Sjå mine bilete frå hauken si jakt her.

mandag, juli 16, 2012

Ung havørn

Havørna er den største rovfuglen vi har i Noreg. På 50-talet var ørna utrydda sør for Sognefjorden, og fåtallig ellers. I 1968 vart den freda her i landet, den var då allereie freda i resten av vesteuropa. I dag er ørna eit vanleg syn langs kysten vår, og Noreg har dei viktigaste hekkeområda for arten. Denne unge havørna har forlatt reiret.



lørdag, januar 21, 2012

Mjogsjøen

Så fikk vi mildvér her på øya, nesten all snøen har smelta vekk. No er minusgradene på plass att, og broddane er teke i bruk. I går var en gjeng på tur til Røyvass. Enkelte plassar var det problem med med overvatn på isen. I dag tok vi turen til Mjogsjøen, og et ekstra døgn med minusgrader gjorde til at vi kunne gå tørrskodd heilt fram :)

Inne på øya, mellom stasjonen og Mjogsjø, kan ein sjå restar etter forsøk på gruvedrift.

Mjogsjø ligg 7,2 km sørover frå stasjonen. Her var det tidligare ei hytte, men no er det berre plankar og ein vedomn att.














onsdag, januar 18, 2012

Fluktfotografering av fugl i mørketida.

På Bjørnøya finn ein eit av Nord Europas største fuglefjell med mange ulike artar. Nokre fuglar held til her også vinterstid. Den mest talrike av desse er havhesten. No er dagane blitt litt lysare, og eg tok med meg 300mm og blits for å ta fluktbilete av havhest ved Kapp Olsen. Her ligg det ein holme som heiter Havhestholmen, og berre det er jo lovande.


Trass god lysstyrke var det ikkje mogleg å bruke autofokus, og eg måtte innsjå at å fange desse i dårleg lys med manuell fokus og blits krevar langt meir trening..... Dei få eg klarte å få med i søkaren i det heile, var langt frå skarpe. Eg skjøna og at 70-200mm ville vore eit betre alternativ. Fuglane var tett på, og i det dårlege lyset var det ikkje lett å følgje dei med kraftig tele. Eg ser fram til vårdagane, med både godt lys og mange fuglar :)

fredag, januar 13, 2012

Hyttetur til Kapp Levin

På kvelden 12. januar tok vi turen til Kapp Levin på ski. Her overnatta vi i ei av hyttene på øya, flott plassert ved Miseryfjellet.

Kunne godt hatt litt meir snø, men på vatna og mellom steinurene er det bra skiføre. På veg over Lygna var det ei flott stemning med både nordlys og ein nesten full måne som dukka opp over horisonten.

Den gamle hytta ved Kapp Levin vert nytta som uthus. Denne står rett ved sida av nyehytta. Trygve, Ragnar, Tassen og Aki er klar for retur til stasjonen.

tirsdag, januar 10, 2012

Nordhamna


















I nærleiken av stasjonen har vi ei flott strand. No er det i tillegg ganske så lyst dersom vi har litt sprekker i skyene. Dei siste dagane har månen også lyst opp landskapet.Faktisk vart det så lyst at autofokusen klarte seg heilt på eiga hand :)

lørdag, januar 07, 2012

Teltvika

Dei siste dagane har det blåst kuling her på Bjørnøya, men i dag var det litt rolegare vindforhold. 7,9 km sørvest for stasjonen ligg Teltvika, og hit dro vi på skitur. På veg til hytta hadde vi vinden i ryggen og slapp nesten å stake på is og skareføre. Det er ikkje så mykje snø her, så i ura vart det litt "labbing".



















Hytta ligg på brinken, og stranda nedforbi er flott. Eg såg ein einsleg havhest i nærleiken av hytta på turen, men til våren vil det vere mange fuglar i området. Her er og ein av plassane det er mogleg å komme til med båt.