fredag, februar 27, 2009

Solnedgang på Fauskevarden


Å tråkke opp ein skibakke i kunstlys (26/2) kan vere ein grei kveldsaktivitet. Men når véret glimtar til innimellom er det kjekt å avspasere ein time, og rekke solnedgangen frå ein fjelltopp. Litt pakka snø, men flott nedtur med telemarksvingar likevel. Folksomt her oppe i dag.

Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8. Lukker 1/250, blender 7,1 ISO 250. Kl 17.31

onsdag, februar 25, 2009

Det sluddar i Sunnfjord


Endeleg er det mulig å gå tur i dagslyset etter jobb. Ein kjem ikkje så langt før det mørknar, men det er no kjekt likevel.

Canon EOS 40D, Canon 50mm f1,4. Lukker 1/100, blender 2,2. ISO 400