fredag, juli 05, 2013

Vanskelege forhold

Siste veka har vi hatt både tåke, nedbør og til tider liten kuling. Ikkje noko uvanleg her, men dette har gitt vanskelege fotoforhold. Eg har forsøkt med fluktfoto av Polarlomvi. Motvind og nedbør er ein dårleg kombinasjon, og trass i stor solblender og mitt forsøk på å halde objektivet minst mulig opp mot vinden så er det ikkje til å unngå at linsa etter kort tid er dekka med vatn.

I kolonien har mange av egga klekt, og det er en del trafikk til å frå hylla. Her en polarlomvi med langebarn. Fotografert med 300mm og telekonverter (x1,4).

Alke

Kuling ved Skrinnodden
 
Er spent på kva ein kan få til her på dagar med betre fotolys, utan nedbør og gjerne litt høgare temperatur:)

søndag, juni 30, 2013

Eldste Metten

Jan Mayen sin historie er prega av fangstekspedisjonar frå forskjellege nasjonalitetar og av meteorologiske observasjonar. Sidan 1600-talet og fram til tidleg på 1900-talet har det vore fangstaktivitet på ulike delar av øya. Frå 1921 har Noreg hatt meteorologiske observasjonar frå øya. Men plasseringa av den meteorologiske stasjonen har blitt flytta fleire gongar, så i tillegg til dagens stasjon finn ein tre gamle stasjonar i ulike forfatningar. Den fyrste stasjonen vert i dag kalla Eldste Metten.

Etablering av Eldste Metten var det Ekerold som stod bak. Han kom til øya for å drive med fangst av rev. Etter eit år overtok Det Norske Meteorologisk Institutt (Geofysisk Institutt) drifta av stasjonen. Og etter dette har det vore utført kontinuerlege meteorologiske observasjonar, med eit kort opphald under 2. verdskrig. Eldste Metten var i drift frå 1921-1940 og var plassert på Skrinnodden ved Jamesonbukta. Dette området vert kalla månelandskapet og er prega av lavasand og små steinformasjoner. 



I dag er det kun ei vakthytte frå krigen som står att ved Eldste Metten. Bygningane vart etterlatt og påtent under 2. verdskrig for å forhindre at denne strategiske stasjonen skulle bli overtatt av fienden.

 
Restar av skinnegangen som gjorde ilandføring av gods mulig frå stranda ved stasjonen er framleis synleg.
 

 
Eldste Metten vart forlatt i all hast og utan forvarsel i liten kuling 4. september 1940. Stasjonsbesetninga på seks vart evakuert til skipet "Fridtjof Nansen", husdyra vart skutt og bygningane påtent. Allerede 12. september landa eit tysk fly ved Eggøya og inspiserte restane av den norske stasjonen. Det viste seg at ødeleggelsane av stasjonen ikkje var så omfattande. Flyet tok av etter tre timar og etter dette starta eit "kappløp" for å etablere ny stasjon. 30. september returnerte "Fridtjof Nansen" til Eldste Metten for å foreta ein fullstendig ødeleggelse av stasjonen. Skrinnodden var i ein krigssituasjon ikkje egna som stasjonsområde.
 

tirsdag, juni 25, 2013

Alke

På Skrinnodden på Jan Mayen hekkar det alkefulg. Her finn ein polarlomvi, lomvi, lunde og alke. Ein og anna alkekonge dukkar og opp.

Dette er første gong eg har fått fotografere alke, og etter litt tid og tilvenning fekk eg flotte fotoforhold. Alken er større enn lunde, litt mindre enn lomvi.




onsdag, juni 19, 2013

Lunden på Branderpynten

Jan Mayen er ein viktig hekkeplass for fleire sjøfuglar. Dei siste åra har Norsk Polarinstitutt forska på nokre av artane som held til på øya. I to dagar har eg vore med Erlend og Ola ut i felt og fått både ny kunnskap og flotte fotomuligheter.

Mandag var vi på Branderpynten der måkereir vart registert og antall egg og måkar telt. På Branderpynten held og lundefuglen til, så eg fekk nokre flotte timar på kanten av brinken med supre forhold for fluktfotografering.


Lunden er ein middels stor alkefugl som er lett gjenkjennelig med sitt fargerike nebb. Den er og den einaste alkefuglen som er svart på undersida av vingane.




Eg nytta Canon 5D mark III og 300 mm. Telekonverteren min (1,4) var med og tidvis brukt, men fuglane kom tett på, så den var for det meste overflødig.

søndag, april 21, 2013

Rødvingetrost

I dag dro eg til metten for å fotografere snøspurven. Men nye gjestar har dukka opp, tre rødvingetrost har slått seg ned og er no sjef over matfatet. Vi har allereie ein overvintrande svarttrost (Trostine) på øya, denne held til på stasjonen som ligg tre kilometer unna metten. Rødvingetrost er ein liten trost, den er mindre enn Trostine men ein god del større enn snøspurven.

Rødvingetrost
Rødvingetrost
Det var nok en lykke for desse rødvingetrostane at dei hamna rett i matrestane til Ingolf og Grayling, for naturleg føde er det nok dårleg med på desse kantar. Rødvingetrost hekkar normalt i heile landet og ein finn den og langs kysten på Island, men her på ishavet er den ein tilfeldig gjest. No skal dei bli fora med frukt, og den vil og kunne forsyne seg av hundane sine matrestar.

onsdag, april 17, 2013

Fugl på Jan Mayen, del 1

Jan Mayen og Svalbard er eit viktig hekkeområde for mange fugleartar. Nokre få finn ein her heile året, men i tida framover kjem det til å dukke opp fleire og fleire artar. Eg har ikkje fått fine forhold når det gjeld fuglefotografering her enno, så eg legg ut nokre arkivbilete av fuglane eg har observert til no.

Havhesten er ein av dei få som ein finn heile året her på Jan Mayen. Havhesten er ein stormfugl som er vanleg i Nord-Atlanteren. Den finnast i ulike fargevariantar. Havhesten eg har sett her har lys, nesten kvit underside der oversida av vingane er mørk. På Bjørnøya finn ein både den med lys underside og den gråaktige. I lufta er den lett å kjenne att på dei kjappe vingeslaga innimellom glideflukten, og den er mindre enn polarmåken. Havhesten hekkar i fuglefjell i mai/juni.

Havhest, Bjørnøya februar 2012
Polarmåke observerte eg på ein tur til Gamle Metten 9. april. Eg reknar med at også denne finnast her heile året, men aukar i antall i hekkesesongen. Dette er ein stor måke og den tek mindre fuglar. Ettersom reven er utrydda her har den ingen naturlege fiendar på Jan Mayen. Polarmåke har eg seinare observert rundt stasjonen, ein gong fulgt av ein svartbak (som er sjølvaste sjefen på øya blant dei bevinga). Svartbak er litt større enn polarmåken.

Polarmåke, Bjørnøya mai 2012
Teisten har og funne fram til Jan Mayen. Eg observerte to individ i Alkevika 12. april. Teisten er ein mellomstor alkefugl og er lett gjenkjenneleg med sine knall raude bein og karakteristiske pipande lyd. Fuglen hekkar i hulrom i fjellet.

Teist, Svalbard 2009
Teist i typsik hekkemiljø, Bjørnøya 2012
I dag fekk eg og sett ein flokk med ærfugl på sjøen utanfor Alkevika. Dette er ein stor andefugl som ein finn både langs kysten på fastlandet, på Svalbard og på Jan Mayen. I mai/juni trekker ærfuglen på land for å finne reirplass. Dei har reir i flatt terreng.

Ærfugl ho og hann, Svalbard 2009
Praktærfugl, Bjørnøya februar 2012

Den einaste småfuglen som normalt sett held til på Jan Mayen er snøspurven. I vår kom den til øya tidleg i april, eg observerte nokre på Gamle Metten 9. april. I vinterdrakt er snøspurven lys med svarte og rustgule parti. Snøspurven er eit kjærkomment vårteikn på ishavet.

Snøspurv, Bjørnøya 2012
I tillegg har ein tilfeldig overvintrande svartrost holdt til ved stasjonen. Denne vert godt fora, og eg håpar den vil klare overvintringa her på Jan Mayen.

Oversikt over fuglane som finnast i området finn ein på Norsk Polarinstitutt sine nettsider: http://www.npolar.no/no/arter/

søndag, april 14, 2013

Byge og anna vèr

I morgon skal eg ta til på mi tredje vakt på Metten. Vèret skiftar fort her på Jan Mayen, og ved observasjonar skal vi gi informasjon om blant anna type og mengde skyer, sikt og nedbør. I tillegg vert trykk, luftfuktighet, vindhastighet, vindretning og temperatur registrert automatisk.

Byge over Eggøya
Eg har fått oppleve både finevèrsdagar og dagar med stiv kuling så langt. I dag var det opplett og sol, så eg tok ein tur til Helenesanden for å fotografere kveldslyset og Beerenberg. Før eg kom meg til stranda, så hadde det skya til og etter kvart kom bygene. Men dette gav flotte fotoforhold.