søndag, juni 30, 2013

Eldste Metten

Jan Mayen sin historie er prega av fangstekspedisjonar frå forskjellege nasjonalitetar og av meteorologiske observasjonar. Sidan 1600-talet og fram til tidleg på 1900-talet har det vore fangstaktivitet på ulike delar av øya. Frå 1921 har Noreg hatt meteorologiske observasjonar frå øya. Men plasseringa av den meteorologiske stasjonen har blitt flytta fleire gongar, så i tillegg til dagens stasjon finn ein tre gamle stasjonar i ulike forfatningar. Den fyrste stasjonen vert i dag kalla Eldste Metten.

Etablering av Eldste Metten var det Ekerold som stod bak. Han kom til øya for å drive med fangst av rev. Etter eit år overtok Det Norske Meteorologisk Institutt (Geofysisk Institutt) drifta av stasjonen. Og etter dette har det vore utført kontinuerlege meteorologiske observasjonar, med eit kort opphald under 2. verdskrig. Eldste Metten var i drift frå 1921-1940 og var plassert på Skrinnodden ved Jamesonbukta. Dette området vert kalla månelandskapet og er prega av lavasand og små steinformasjoner. 



I dag er det kun ei vakthytte frå krigen som står att ved Eldste Metten. Bygningane vart etterlatt og påtent under 2. verdskrig for å forhindre at denne strategiske stasjonen skulle bli overtatt av fienden.

 
Restar av skinnegangen som gjorde ilandføring av gods mulig frå stranda ved stasjonen er framleis synleg.
 

 
Eldste Metten vart forlatt i all hast og utan forvarsel i liten kuling 4. september 1940. Stasjonsbesetninga på seks vart evakuert til skipet "Fridtjof Nansen", husdyra vart skutt og bygningane påtent. Allerede 12. september landa eit tysk fly ved Eggøya og inspiserte restane av den norske stasjonen. Det viste seg at ødeleggelsane av stasjonen ikkje var så omfattande. Flyet tok av etter tre timar og etter dette starta eit "kappløp" for å etablere ny stasjon. 30. september returnerte "Fridtjof Nansen" til Eldste Metten for å foreta ein fullstendig ødeleggelse av stasjonen. Skrinnodden var i ein krigssituasjon ikkje egna som stasjonsområde.
 

Ingen kommentarer: