Det her herlig på fjellet! Denne helga skulle tilbringast på Skåla og eg hadde sett for meg duskregn, kaldt tårn og null solned/oppgang. Mokkabønner og vin vart difor rekna som vel så viktige ingrediensar i sekken som kamerautstyr. Men slik vart det ikkje! Sola dukka opp i det vi hadde lagt 1.500 høgdemeter bak oss og siste etappen i kveldslys vart verkeleg eit skue. Det må seiast at gliset satt bredt hos begge turdeltakarane. Og tårnet, ja det var sjølvsagt allereie varma opp:)
Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8
1 kommentar:
Dersom ikkje øyra hadde stått i vegen så hadde smila gått trill rundt??:-) Godt at turen og veret var vellykka.
Legg inn en kommentar