Å tråkke opp ein skibakke i kunstlys (26/2) kan vere ein grei kveldsaktivitet. Men når véret glimtar til innimellom er det kjekt å avspasere ein time, og rekke solnedgangen frå ein fjelltopp. Litt pakka snø, men flott nedtur med telemarksvingar likevel. Folksomt her oppe i dag.
Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8. Lukker 1/250, blender 7,1 ISO 250. Kl 17.31
3 kommentarer:
Kjekt at vi får ta del i dei flotte turane dine :)
Heilt meiningslaus er det den no ikkje, denne bloggen din.. Hehe
Takk bea. Du er min første kommentator:) Og premien er: Hummer! Sponsa av: Ho mor.
HUMMER!!! Jippi!
Legg inn en kommentar