tirsdag, mars 31, 2009

Reinen var her


Jammen har ikkje reinen tråkka opp det fine skisporet på den mest trafikkerte ettermiddagstoppen i Førde!

mandag, mars 30, 2009

Kjekt med ruskevér innimellom.


Trass at vi no er over på sommartid, er det meir vinter ute i dag enn det har vore på lenge.

Canon EOS 40D, Canon 50mm f1,4. Blender 1,4 Lukker 1/40. ISO800

søndag, mars 29, 2009

Tur i nærmiljøet:)


Det er så mange fine toppar like i nærleiken. Her frå Halbrendsnipa. Fleire bilete og turrapport

Canon EOS 40D, Sigma 18-5omm f2,8.

mandag, mars 23, 2009

Pudderføre!


Kan ikkje hugse å ha kjørt noko særleg i puddersnø denne vinteren. Men i dag var det flott på Fauskevarden! Til og med sola dukka opp akkurat på det rette tidspunktet.

Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8. Lukker 1/125, blender f5,6. ISO200. Kl 18.52.

søndag, mars 22, 2009

Snø, sludd, regn, hagl, lyn og torden


Lurer på kvar myggen i hagen har gjort av seg.

Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8. Lukker 1/15, blender f22. ISO100.

lørdag, mars 21, 2009

Blindføre på Grovabreen.


På veg ned frå Førde kommune sitt høgaste punkt vart det mykje rare fall. Blindføre gjer til at ein ser verken helling, skavlar og særs lite anna i det heile. Med så dårleg sikt blir det vanskeleg å bedømme fart og. Det er no litt moro når folk ramler når dei står stille (fordi dei TRUDDE dei var i fart), eller ramlar fordi dei var forberedt på ein skavl som faktisk ikkje var der. Når det er sagt vart sikten betre under 11oo meter. Her i frå og ned var det dessutan flott silkeføre slik at vi som sleit oss opp med tunge ski endeleg kunne nyte nedfarten. Fleire bilete og turrapport

Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8.