søndag, september 13, 2009

Høsttur på Dyrhaugstind


Det skal ikkje mykje til før alle regndagane i august og september er gløymt! Flott avsluttning på fjellfilmfestivalen med ein tur til Dyrhaugstind i strålande vér. Og med haustfargar i dalane og nysnø på toppane kan det ikkje bli noko betre! Reiste deretter videre til Leirvassbu for å få med nokre toppturar i Leirdalen.

lørdag, september 12, 2009

I blåisen


Arrangert tur på Nigardsbreen. Tilbake på Turtagrø var det mange interessane foredrag å velge blandt, og bra var det for ute var det både vått og kaldt.

fredag, september 11, 2009

Fjellfilmfestival


Telt, presening, regn, feilparkering, Helgedalen, Baileys, kø og real turmat......

søndag, september 06, 2009

Helgedalen


Heller ikkje denne gongen fekk eg gått Styggedalen. Det var tåke og sludd, tok kjappaste vegen heim. Fanaråken var det heller ingen som ville opp på...... Men reinen ser ut til å ha tråkka same vegen.

lørdag, september 05, 2009

Sofus mønstrar av


Sauane var på veg vestover, heim til Fortun. Vi gikk mot øst, til Skogadalsbøen for å hente buksa til Mariann.

torsdag, september 03, 2009

Solgløtt


Sola dukka overraskande opp i dag. Her var det berre å forlate kontoret og dra til fjells. Det skya fort til att, men turen var flott den. Utsikt frå Tindefjellet i Jølster.

Canon Poweshot G10

tirsdag, september 01, 2009

Regn x28


Det er blitt høst! Vil berre oppsumere august med litt fakta, 28 regndager.......

Sony E. K550i