onsdag, april 17, 2013

Fugl på Jan Mayen, del 1

Jan Mayen og Svalbard er eit viktig hekkeområde for mange fugleartar. Nokre få finn ein her heile året, men i tida framover kjem det til å dukke opp fleire og fleire artar. Eg har ikkje fått fine forhold når det gjeld fuglefotografering her enno, så eg legg ut nokre arkivbilete av fuglane eg har observert til no.

Havhesten er ein av dei få som ein finn heile året her på Jan Mayen. Havhesten er ein stormfugl som er vanleg i Nord-Atlanteren. Den finnast i ulike fargevariantar. Havhesten eg har sett her har lys, nesten kvit underside der oversida av vingane er mørk. På Bjørnøya finn ein både den med lys underside og den gråaktige. I lufta er den lett å kjenne att på dei kjappe vingeslaga innimellom glideflukten, og den er mindre enn polarmåken. Havhesten hekkar i fuglefjell i mai/juni.

Havhest, Bjørnøya februar 2012
Polarmåke observerte eg på ein tur til Gamle Metten 9. april. Eg reknar med at også denne finnast her heile året, men aukar i antall i hekkesesongen. Dette er ein stor måke og den tek mindre fuglar. Ettersom reven er utrydda her har den ingen naturlege fiendar på Jan Mayen. Polarmåke har eg seinare observert rundt stasjonen, ein gong fulgt av ein svartbak (som er sjølvaste sjefen på øya blant dei bevinga). Svartbak er litt større enn polarmåken.

Polarmåke, Bjørnøya mai 2012
Teisten har og funne fram til Jan Mayen. Eg observerte to individ i Alkevika 12. april. Teisten er ein mellomstor alkefugl og er lett gjenkjenneleg med sine knall raude bein og karakteristiske pipande lyd. Fuglen hekkar i hulrom i fjellet.

Teist, Svalbard 2009
Teist i typsik hekkemiljø, Bjørnøya 2012
I dag fekk eg og sett ein flokk med ærfugl på sjøen utanfor Alkevika. Dette er ein stor andefugl som ein finn både langs kysten på fastlandet, på Svalbard og på Jan Mayen. I mai/juni trekker ærfuglen på land for å finne reirplass. Dei har reir i flatt terreng.

Ærfugl ho og hann, Svalbard 2009
Praktærfugl, Bjørnøya februar 2012

Den einaste småfuglen som normalt sett held til på Jan Mayen er snøspurven. I vår kom den til øya tidleg i april, eg observerte nokre på Gamle Metten 9. april. I vinterdrakt er snøspurven lys med svarte og rustgule parti. Snøspurven er eit kjærkomment vårteikn på ishavet.

Snøspurv, Bjørnøya 2012
I tillegg har ein tilfeldig overvintrande svartrost holdt til ved stasjonen. Denne vert godt fora, og eg håpar den vil klare overvintringa her på Jan Mayen.

Oversikt over fuglane som finnast i området finn ein på Norsk Polarinstitutt sine nettsider: http://www.npolar.no/no/arter/

2 kommentarer:

Berit sa...

Bilda dine er nydelige,spesielt likar eg bildet av snøspurven. Gleder meg til å sjå alle fuglane du kan fotografere i sommar. Du er på rett plass i sommar.

Marion Lexau Nødset sa...

Eg gledar meg til å få oppleve sommarsesongen :) I morgon skal eg ta med meg tela på jobb, snøspurven kosar eg på metten med hamburgerbrød...