søndag, april 21, 2013

Rødvingetrost

I dag dro eg til metten for å fotografere snøspurven. Men nye gjestar har dukka opp, tre rødvingetrost har slått seg ned og er no sjef over matfatet. Vi har allereie ein overvintrande svarttrost (Trostine) på øya, denne held til på stasjonen som ligg tre kilometer unna metten. Rødvingetrost er ein liten trost, den er mindre enn Trostine men ein god del større enn snøspurven.

Rødvingetrost
Rødvingetrost
Det var nok en lykke for desse rødvingetrostane at dei hamna rett i matrestane til Ingolf og Grayling, for naturleg føde er det nok dårleg med på desse kantar. Rødvingetrost hekkar normalt i heile landet og ein finn den og langs kysten på Island, men her på ishavet er den ein tilfeldig gjest. No skal dei bli fora med frukt, og den vil og kunne forsyne seg av hundane sine matrestar.

onsdag, april 17, 2013

Fugl på Jan Mayen, del 1

Jan Mayen og Svalbard er eit viktig hekkeområde for mange fugleartar. Nokre få finn ein her heile året, men i tida framover kjem det til å dukke opp fleire og fleire artar. Eg har ikkje fått fine forhold når det gjeld fuglefotografering her enno, så eg legg ut nokre arkivbilete av fuglane eg har observert til no.

Havhesten er ein av dei få som ein finn heile året her på Jan Mayen. Havhesten er ein stormfugl som er vanleg i Nord-Atlanteren. Den finnast i ulike fargevariantar. Havhesten eg har sett her har lys, nesten kvit underside der oversida av vingane er mørk. På Bjørnøya finn ein både den med lys underside og den gråaktige. I lufta er den lett å kjenne att på dei kjappe vingeslaga innimellom glideflukten, og den er mindre enn polarmåken. Havhesten hekkar i fuglefjell i mai/juni.

Havhest, Bjørnøya februar 2012
Polarmåke observerte eg på ein tur til Gamle Metten 9. april. Eg reknar med at også denne finnast her heile året, men aukar i antall i hekkesesongen. Dette er ein stor måke og den tek mindre fuglar. Ettersom reven er utrydda her har den ingen naturlege fiendar på Jan Mayen. Polarmåke har eg seinare observert rundt stasjonen, ein gong fulgt av ein svartbak (som er sjølvaste sjefen på øya blant dei bevinga). Svartbak er litt større enn polarmåken.

Polarmåke, Bjørnøya mai 2012
Teisten har og funne fram til Jan Mayen. Eg observerte to individ i Alkevika 12. april. Teisten er ein mellomstor alkefugl og er lett gjenkjenneleg med sine knall raude bein og karakteristiske pipande lyd. Fuglen hekkar i hulrom i fjellet.

Teist, Svalbard 2009
Teist i typsik hekkemiljø, Bjørnøya 2012
I dag fekk eg og sett ein flokk med ærfugl på sjøen utanfor Alkevika. Dette er ein stor andefugl som ein finn både langs kysten på fastlandet, på Svalbard og på Jan Mayen. I mai/juni trekker ærfuglen på land for å finne reirplass. Dei har reir i flatt terreng.

Ærfugl ho og hann, Svalbard 2009
Praktærfugl, Bjørnøya februar 2012

Den einaste småfuglen som normalt sett held til på Jan Mayen er snøspurven. I vår kom den til øya tidleg i april, eg observerte nokre på Gamle Metten 9. april. I vinterdrakt er snøspurven lys med svarte og rustgule parti. Snøspurven er eit kjærkomment vårteikn på ishavet.

Snøspurv, Bjørnøya 2012
I tillegg har ein tilfeldig overvintrande svartrost holdt til ved stasjonen. Denne vert godt fora, og eg håpar den vil klare overvintringa her på Jan Mayen.

Oversikt over fuglane som finnast i området finn ein på Norsk Polarinstitutt sine nettsider: http://www.npolar.no/no/arter/

søndag, april 14, 2013

Byge og anna vèr

I morgon skal eg ta til på mi tredje vakt på Metten. Vèret skiftar fort her på Jan Mayen, og ved observasjonar skal vi gi informasjon om blant anna type og mengde skyer, sikt og nedbør. I tillegg vert trykk, luftfuktighet, vindhastighet, vindretning og temperatur registrert automatisk.

Byge over Eggøya
Eg har fått oppleve både finevèrsdagar og dagar med stiv kuling så langt. I dag var det opplett og sol, så eg tok ein tur til Helenesanden for å fotografere kveldslyset og Beerenberg. Før eg kom meg til stranda, så hadde det skya til og etter kvart kom bygene. Men dette gav flotte fotoforhold.

tirsdag, april 09, 2013

Ankomst Jan Mayen

I eit halvt år framover skal eg bu på Jan Mayen og jobbe for Vervarslinga for Nord-Norge som meteorologifullmektig.

Jan Mayen er Norges utpost i vest og ligg ca 900 kilometer vest for det norske fastland. Øya er 377 kvadratkilometer stor og ligger på 71 grader nord. Næraste naboar er Grønland 500 kilometer vest for øya og Island 600 kilometer sørvest.

C-130 Hercules Frøya
Eg ankom øya 4. april med eit av forsvaret sine Hercules fly. Flyturen frå Gardermoen tok tre timar og vi hadde gode landingsforhold ved ankomst. Sikten vart dårlegare medan flyet sto på bakken, men også returen til Gardermoen gjekk som planlagt.

Flystripa på Jan Mayen er ikkje egna eller utbygd for kommersiell trafikk og rutetrafikk. I tillegg er vèret ei stor utfordring. Flytrafikken er svært begrensa og delar av året kan ikkje flystrippa nyttast. No ventar vi i spenning på om flyet som skal hente gjestar og avtroppande besetning får landingsforhold torsdag 11. april. Etter dette er neste flyanløp i juli.

18 personar jobbar og bur på Jan Mayen. Alle held til på INI OPS stasjonen til forsvaret.

Klart for høvdingebytte ved forsvarets INI OPS stasjon
14 av dei fastbuande er tilsett i forsvaret. I tillegg har Vervarslinga for Nord-Norge 4 tilsette som jobbar ved den meteorologiske stasjonen som ligg 3 kilometer unna forsvaret sin stasjon. 

Metten, den meteorologiske stasjonen på Jan Mayen
Når eg skal på jobb køyrer eg dei tre kilometerane til "Metten". Her observerer vi vèr og sender opp radiosonde. På Jan Mayen har det vore gjort vèrobservasjonar sidan fangstmennene holdt til på øya. Den geografiske plasseringa gjer at dette er ein viktig observasjonspost for vervarslinga. Frå 1921 har det eksistert meteorologisk stasjon på øya. Dagens stasjon er frå 1962.