tirsdag, april 09, 2013

Ankomst Jan Mayen

I eit halvt år framover skal eg bu på Jan Mayen og jobbe for Vervarslinga for Nord-Norge som meteorologifullmektig.

Jan Mayen er Norges utpost i vest og ligg ca 900 kilometer vest for det norske fastland. Øya er 377 kvadratkilometer stor og ligger på 71 grader nord. Næraste naboar er Grønland 500 kilometer vest for øya og Island 600 kilometer sørvest.

C-130 Hercules Frøya
Eg ankom øya 4. april med eit av forsvaret sine Hercules fly. Flyturen frå Gardermoen tok tre timar og vi hadde gode landingsforhold ved ankomst. Sikten vart dårlegare medan flyet sto på bakken, men også returen til Gardermoen gjekk som planlagt.

Flystripa på Jan Mayen er ikkje egna eller utbygd for kommersiell trafikk og rutetrafikk. I tillegg er vèret ei stor utfordring. Flytrafikken er svært begrensa og delar av året kan ikkje flystrippa nyttast. No ventar vi i spenning på om flyet som skal hente gjestar og avtroppande besetning får landingsforhold torsdag 11. april. Etter dette er neste flyanløp i juli.

18 personar jobbar og bur på Jan Mayen. Alle held til på INI OPS stasjonen til forsvaret.

Klart for høvdingebytte ved forsvarets INI OPS stasjon
14 av dei fastbuande er tilsett i forsvaret. I tillegg har Vervarslinga for Nord-Norge 4 tilsette som jobbar ved den meteorologiske stasjonen som ligg 3 kilometer unna forsvaret sin stasjon. 

Metten, den meteorologiske stasjonen på Jan Mayen
Når eg skal på jobb køyrer eg dei tre kilometerane til "Metten". Her observerer vi vèr og sender opp radiosonde. På Jan Mayen har det vore gjort vèrobservasjonar sidan fangstmennene holdt til på øya. Den geografiske plasseringa gjer at dette er ein viktig observasjonspost for vervarslinga. Frå 1921 har det eksistert meteorologisk stasjon på øya. Dagens stasjon er frå 1962.

5 kommentarer:

Nils Tore sa...

Haha! Eg likte det skiltet :)

Steinar H sa...

Dette ser nesten ut som brøytestasjonen på Gaularfjellet, bra sommaren er i vente ... Lukke til Marion!

Marion Lexau Nødset sa...

Takk :) Skiltet er fint ja, mykje anna i same stil her oppe. Høvdingebytte er markert med ein seremoni som vert avslutta med salutt der tøflene til avtroppande høvding blir stappa i kanona.

Elnus sa...

Ser ut som om våren er eit stykke unna der også! Men det er sikkert varmt og hyggeleg innomhus! Håpar du får eit fint opphald Marion, og mange flotte fotos! Mvh Elna

Marion Lexau Nødset sa...

Takk Elna :) No har våren byrja å kome hit og...