lørdag, januar 21, 2012

Mjogsjøen

Så fikk vi mildvér her på øya, nesten all snøen har smelta vekk. No er minusgradene på plass att, og broddane er teke i bruk. I går var en gjeng på tur til Røyvass. Enkelte plassar var det problem med med overvatn på isen. I dag tok vi turen til Mjogsjøen, og et ekstra døgn med minusgrader gjorde til at vi kunne gå tørrskodd heilt fram :)

Inne på øya, mellom stasjonen og Mjogsjø, kan ein sjå restar etter forsøk på gruvedrift.

Mjogsjø ligg 7,2 km sørover frå stasjonen. Her var det tidligare ei hytte, men no er det berre plankar og ein vedomn att.














6 kommentarer:

Bea sa...

Oj, så lyst det har vorte hos dåkke! Kjekt å komme seg ut på tur. I dag har eg vore på tur med primus, kakao og sjokolade :D

Marion Lexau Nødset sa...

Så flott! Det er viktig å kose seg på tur.

Her oppe er dagane merkbart lysare, og dette var nok den lysaste dagen vi har hatt så langt ettersom skyene sprakk opp såpass mykje :)

Maret sa...

Spennande å følge med deg der oppe, misunner deg litt det flotte og spennande turterenget.
Korleis går det strikkinga? Har du nok garn...

Wenche sa...

Flink du er å gå tur! Flotte bilder også, og så kjekt turselskap du har.. Er heilt greit om du tar med deg ein søt liten hund heim igjen:)

Marion Lexau Nødset sa...

Når det gjeld strikkinga går det i luer for tida. Har strikka 3 luer og har framleis ein del garn att. Men har dårleg med sokkegarn. Tok berre med nokre restar, og er uviss på om det vert to sokkar ut av det. Hundane er flott turselskap, men eg reknar ikkje med at dei har noko lyst til å forlate Bjørnøya til fordel for sivilisasjonen nede på fastlandet. Kanskje Tassen, han har vore i bydn før......

Wenche sa...

Det er jo lov å håpe:) Men skjønnar dei godt. Er sikkert ikkje så fristande det nei...:)