fredag, mars 13, 2009

Til Årebrot i ytre Sunnfjord


Eg kan ikkje hugse at eg har passert Botnane i skumringstimen utan fotostopp. Dette er heller ikkje ei målsetjing, og sjølvsagt måtte eg trykke på bremsepedalen når eg observerte store mengder hjort innerst i bukta. Med motoren stogga, vart vindaugskanten ein god ekstra bildestabilisator.

Canon EOS 40D, Canon EF 70-200mm f4 IS. Lukker 0,3 sek. Blender f4. ISO 1600.


Det var og fleire motiv som måtte festast til bildebrikka. Med lange lukkartider og eit kamera på stativ måtte eg diverre sjå grågåsa suse forbi utan å få dei dokumentert. Men observasjonen vart godt mottatt hos verten som då meina at våren verkeleg er på veg.

Canon EOS40D, Canon EF 50mm f1,4. Lukker 30 sek. Blender f11. ISO 200.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Fine bilder! Godt at du har ei fyrklykt som kan vise veg:-)

vassenden

mln sa...

Takk:) Hugs at eg ferdast på vegen og ikkje i båt, så det er nok best at eg ikkje følgjer fyrlyktene for å finne fram....

Bea sa...

Flotte bilder!! :D