lørdag, mars 21, 2009

Blindføre på Grovabreen.


På veg ned frå Førde kommune sitt høgaste punkt vart det mykje rare fall. Blindføre gjer til at ein ser verken helling, skavlar og særs lite anna i det heile. Med så dårleg sikt blir det vanskeleg å bedømme fart og. Det er no litt moro når folk ramler når dei står stille (fordi dei TRUDDE dei var i fart), eller ramlar fordi dei var forberedt på ein skavl som faktisk ikkje var der. Når det er sagt vart sikten betre under 11oo meter. Her i frå og ned var det dessutan flott silkeføre slik at vi som sleit oss opp med tunge ski endeleg kunne nyte nedfarten. Fleire bilete og turrapport

Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Ein skal no ha litt moro når ein er på tur:-) Godt at eg ikkje var med. Då hadde underhaldninga berre vorte enno større!!

vassenden

mln sa...

Tvilar ikkje. Du har jo ein tendens til å setje utfor i hockystil og det kunne, tru meg, blitt mykje interessant ja:)

Anonym sa...

Ja, er viktig med litt utfordringar når ein er på tur:-) Men er jo greit å kunne sjå kor ein køyrer då.....:-)

vassenden