søndag, desember 27, 2015

Polarnatt i Ny-Ålesund

Eg har flytta nordover. Til Ny-Ålesund på Spitsbergen, omtala som verdens nordlegaste busetnad. Her er vi rundt 35 personer i vinter som syslar med ymse. Nokre jobbar på ulike forskingsstasjonar, andre jobbar for Kings Bay AS som legg til rette for forsking i og rundt Ny-Ålesund. Desember og januar er lågsesong, men om nokre månader vert det langt fleire innbyggarar i det vesle samfunnet vårt.

No har vi mørketid og polarnatt så langt nord. Polarnatt oppstår når sola står minst seks grader under horisonten heile døgnet. Det er klart at under slike forhold vert det mørkt, og det vesle lyset som er her gjer utruleg mykje ut av seg. Nordlys, månelys og ikkje minst sola under horisonten gjer sitt for å lyse opp polarnatta. Og sjølv i polarnatta har vi tussmørke (skumring) i Ny-Ålesund på dagtid. No finnast det rett nok ulike typar tussmørke, og på våre breddegrader er det på denne tida av året kun astronomisk tussmørke. Men allerede første januar får vi nesten ein time med nautisk tussmørke. Andre februar er det slutt på polarnatta, og 18. februar er mørketida er over.



I dag var det et flott lys mot sør. Lyset var synleg i mange timar, men var på det sterkaste når sola sto på sitt høgaste (tolv grader under horisonten, klokka 12.13). Sollyset treff partiklar (is eller forureining) i atmosfæren.



Dette bilete er teke 23. desember. Månen begynner å nærme seg full. Sjølv med eit tynt skydekke og snøbyger gjer den polarnatta merkbart lysare.



Nordlys fotografert 15. desember. Nordlyset er synlig i et belte rundt nordpolen. Ny-Ålesund ligger så langt nord at lyset hyppigast er observert i sørleg himmelretning.

I dette kvite huset bur eg. Når eg skal fotografere ulike lysfenomen vert dette ofte motivet mitt. Det står vendt riktig i forhold til lysaktiviteten på himmelen, og det er ingen andre bygningar bak huset mitt som vil forstyrre i bakgrunnen på bileta. Og så er det kjekt å ha kort veg heim i kulden ;)


4 kommentarer:

Kalvåg kystlag sa...

Dette var intr.sant. ser fram t. meir av liknande. ps vansk. å treffe deg på telef. vi er nett. komt heim frå hytta, msss hels frå Kalvåg.

rigmor sa...

Vekker mange fine barnedoms minner.

Unknown sa...

Ja, nå for du virkelig bruk for din kompetanse innenfor temaet tussmørket. Her i Førde snakker vi mer om ulike typer regnvær :)

Lykke til videre og håper du får tid til å ta mange fine bilder.

Marion Lexau Nødset sa...

Takk for kommentarer :) Og Sindre: Regnet har kome hit og :( 7 grader og øs pøs i går, slikt blir det glatt føre av. På vei heimover i går blåste eg først i fint i retning huset mitt, men så dreia vinden litt og eg begynt å skli tilbake i samme retning som eg kom. I dag har eg brodder på...