onsdag, desember 07, 2011

Nye utfordringar

I dag har eg forstått opp til fleire ting. For det første er det sjølvsagt lurt å bruke vidvinkel når ein fotograferer snøbyge. For det andre: Canon Speedlite 580EXII er ein kraftig blits. Den kan på rette avstand lyse opp heile Ishavskatedralen. Og det er nett det den gjer dersom ein ikkje har lært å undereksponerer beistet. Andre ting eg har forstått i dag er at forstavelsen alto betyr av vi snakkar om midlere skyer (til tross for, eller nettopp fordi, at alto betyr høg). Alt dette er kjekt å vite syns eg :)

På fredag reiser eg mot Bjørnøya for å ta til i ny jobb som meteorologifullmektig. Då må ein kunne litt om blant anna skyer, sikt og nedbør. I tillegg er det kjekt å ha ein blits som kan lyse opp Ishavskatedralen. Det må bety at den kan lyse opp bra i mørketida på Bjørnøya og :)







3 kommentarer:

Maret sa...

Håpar vi kan følge det "nye livet" ditt her på bloggen...

Lykke til...

Anonym sa...

Heile ishavskatedralen, du. Det er slett ikkje verst :D

Gleder meg til å sjå bilder frå Bjørnøya!

Marion Lexau Nødset sa...

Det vert nok litt bilete både her og på fjesboka :) Og så finnast det ein eigen Bjørnøyablogg, men den har eg ikkje tilgang til enno http://bjornoya.blogspot.com/ .