søndag, august 21, 2011

Sunnfjordreinen

Denne dagen var det meldt store nedbørsmengder og flaum frå klokka tolv. På ein sommar som i år kjem ikkje dette som nokon overraskelse, men ein veit å sette pris på timane med sol innimellom. Så difor vart det ein morgontur på Fauskevarden.



På veg opp i fineveret såg eg reinen. Så seint på sommaren held dei ofte til på snøfonnene som framleis ligg i området. Kamera var ikkje med, og eg måtte uansett kome meg heim, for flaum var eg ikkje kledd for.

Heime kunne eg konstantere at flaumen var utsett til natta. Ei skikkeleg regnbyge hadde vi rett nok på ettermiddagen, men når det klarna opp på kvelden var det klart at reinen den måtte oppsøkast. Med kamera og kveldslys denne gongen.




Omlag 20 dyr såg eg denne ettermiddagen. Dette er villrein, men dei stammar frå tamrein som vart utsett på syttitallet. Flokken i området rundt Fauske er for liten til at den klarer seg utan "import" av nye bukkar, og framtida til dyra er uviss.  

Utsyn mot Fauske etter solnedgang. Framleis klart og fint ver:)

3 kommentarer:

Maret sa...

At vi hadde rein i Sunnfjord, det har eg aldri vist.
Flott at du greidde å fange den på linsa..

Marion Lexau Nødset sa...

Du får ta deg ein tur på Fauskevarden på rette årstida :) Det er kjekke dyr.

Torbjørn Wingsternes sa...

Hei. Har sittet og lest gjennom bloggen din. Her var det mye flotte bilder med gode fortellinger:)