fredag, oktober 15, 2010

Foringsplass

Eg jobbar for tida med å få aksept blandt mine næraste bevingede naboar. Eg håpar på forståelse frå naboar utan vingar.....



Kjøttmeisa er den mest talrike av naboane mine. Av ein eller anna grunn forsvant skepsisen deira til meg når eg la meg ned på bakken. Dette passa perfekt, då fekk eg og med eit snev av kveldslyset på Førdsnipa. Ellers er det lite med sollys på fugleplassen før til våren, så det vert stor blendar og høg ISO framover. Dei har godtatt reflektoren min, så det kan vere at ei alternativ lyskjelde må på plass.





Ei blåmeis har og nytta seg av foringsplassen. I tillegg har eg observert to gråspurv og ein raudstrupe i haust. Om du har tips eller gode råd om foring og til fotograferinga er eg takksam for det!

2 kommentarer:

Bea sa...

Så kjekke naboar du har!! Eg kan nok ikkje gje tips eller gode råd, men eg kan fortelje deg at eg likar bilda :)

Maret sa...

Tipse proffe folk, nei det ligg ikkje for meg heller..
berre ikkje frys på deg sjukdom der du ligg og kikkar...