lørdag, september 19, 2009

Ferieslutt


Når véret klaffar på denne årstida er det verkeleg ei fin tid å feriere i fjellet! Snø og is kan skape utfordringar på toppane, men om ei vel turar utan spesielt utsette parti får ein utsyn mot fleire årstider. Nede med sognefjorden er det grønt enno, litt lenger oppe i lia nydelige haustfargar og frå ca 1700 meter ligg nysnøen. Nydelig:)

Inspirasjon frå fire dagar med fotokurs resulterte i mange fotostopp på heimvegen. Her frå ein liten avstikkar til Anestølen. Litt gråvér denne dagen, men når ein brukar så mange timar i bilen er det heilt greit. Fine fotoforhold vart det og med det varierande lyset.

1 kommentar:

Wenche sa...

Flott bilde! Kjekt med fjellturar slik at ein kan oppleve alle dei flotte fargane.