fredag, mai 01, 2009

På tur med Johan


Ein må både kunne klokka og kjøpe billett i tide (før båten er full) for å komme seg på tur rundt Runde. Grunna desse uforutsette forutsettningane hamna vi på båttur nr 2 for dagen. Godt var eigentleg det, for det viste seg at det berre var vi som skulle med. Det er kjekt å ha god plass når ein skal prøve å fange flygande motiv med stort objektiv frå båtdekk. Eg merkar i armane at det krev trening til for å løfte på 4kg når ein skal fotografere. På båten var det montert ei svært praktisk kasse som var fin å støtte seg mot for å få skarpe bilete, og ikkje minst fungerte fint til å kvile objektivet på innimellom:) Fleire bilete

Canon EOS 40D, Canon EF 300mm f2.8 L IS USM. Lukker 1/800, f 5.0 ISO 400

2 kommentarer:

Wenche sa...

Flott bilde!! Eg ser myggen:) Eg såg gjennom mine bilder og vart ganske overraska over at nokre av dei var skarpe. Til tider var det ikkje alltid like enkelt å ta bilder med ein rullande båt:)

Blir gjerne med på tur til neste år. Skal øve meg på klokka heilt fram til då:)

Anonym sa...

Hm.. eg kan slett ikkje sjå at du har skjerpa deg, eg?