
Ein må både kunne klokka og kjøpe billett i tide (før båten er full) for å komme seg på tur rundt Runde. Grunna desse uforutsette forutsettningane hamna vi på båttur nr 2 for dagen. Godt var eigentleg det, for det viste seg at det berre var vi som skulle med. Det er kjekt å ha god plass når ein skal prøve å fange flygande motiv med stort objektiv frå båtdekk. Eg merkar i armane at det krev trening til for å løfte på 4kg når ein skal fotografere. På båten var det montert ei svært praktisk kasse som var fin å støtte seg mot for å få skarpe bilete, og ikkje minst fungerte fint til å kvile objektivet på innimellom:)
Fleire bileteCanon EOS 40D, Canon EF 300mm f2.8 L IS USM. Lukker 1/800, f 5.0 ISO 400