fredag, april 10, 2009

Skåla 1843 m.o.h.


Vakna til styrtregn, og avreise vart utsett ein time. Men vérmeldingane lova betring, og vi la av gårde og kom oss på toppen:) Skia måtte bærast dei første 400 høgdemeterane. Det hadde vore folk her tidlegare i påska, men denne dagen hadde vi fjellet heilt for oss sjølve. Opphald heile turen, litt vind og litt sol underveis. På toppen var det skiftande "tåkedekke", vi sette oss ein halv time i tårnet og gleda oss til nedturen! Merkeleg nok var beina ekstra trøtte akkurat i denne nedoverbakken:) Tung luggesnø på toppen, jamnare føre frå Skålavatnet og ned.

Canon Powershot G10

1 kommentar:

Wenche sa...

Imponerande med ein tur på Skåla! Ikkje rart at føtene er trøtte etter ein slik oppoverbakke:-)