mandag, april 20, 2009

Kvitveis, Hafstadfjellet, linerle og tråtraktor


No samsvarar eigentleg ikkje tekst og bilete i det heile.... Men saken er den at sjølv om ein har ein fancy kompakt, så hender det at ein drar på tur utan kamera. Det skjedde i dag. Og eg har verkeleg prøvd å finne ein kvitveis i kveld etter at eg kom ned frå fjellet, men måtte til slutt gi opp og ta bilete av Førde sin nye parkeringsplass i staden....

Eg har konstantert at ein kan gå stien frå Bekkjavatnet opp til Hafstadfjellet (berre bittelitt snø). I lia var det nokre kvitveis som må ha dukka opp nyleg, og når eg kom ned til vatnet trefte eg ei linerle. No har eg sett både kvitveis og linerle før i år, men det er greit å stadfeste det i bloggen likevel. Tråtraktoren har eg førebels ikkje sett.

Canon Eos 40D, Sigma105mm 2,8 DG Macro.

1 kommentar:

Wenche sa...

Bra at du finn ut kor ein kan gå fotturar no. Eg kan bli med i neste veke. Og då kan vi ta med fotoapparat. Elles så er det den tøffaste kvitveisen eg har sett...eller er det ei gravemaskin??:) Her kan ein bruke fantasien!