torsdag, april 30, 2009

Runde


Ein tur til Runde høyrer med på våren. Vérmeldingane såg bra ut, så det var berre å pakke i bilen å reise. Rakk akkurat å setje opp teltet før kveldslyset kom og Lundeura lokka. I fjor var det ein mislykka hekkesesong, men no er dei i gang igjen. Egga er lagt og dei sysla no på med sitt. Så får ein sjå om det er nok Tobis utpå sommaren. Etter klokka ti var det smått med lys og på tide å gå ned att til campingplassen og opne vinflaska. Fleire bilete

Canon EOS 40D, Canon 300mm f2,8 L IS USM. Lukker 1/500, blender 5.0, ISO 800

onsdag, april 29, 2009

Meieritomta


Meieritet er borte og her byggjast det kontor og leiligheter.

Canon Powershot G10

lørdag, april 25, 2009

Heim frå blåtur


Komiteen har laga eit veldig bra turopplegg med mykje opplevelsar. Sykkelturen til Bulandet i går vart ganske forblåst, men i dag var véret på betringens veg. Trass i ein fuktig kveld møtte alle til frukost. Deretter kunne returen på sykkel, samt fottur til Høgekletten, nytast i solskinn. Då returen gikk via Fure fekk vi diverre ikkje støtta softis-salet i Askvoll denne fine dagen.

Canon Powershot G10

fredag, april 24, 2009

Blåtur


I dag har eg frivillig tippa rundt med kajakk (den grøne faktisk). Kurs er kjekt:)

Canon EOS 40D. Sigma 18-50mm f2,8.

onsdag, april 22, 2009

mandag, april 20, 2009

Kvitveis, Hafstadfjellet, linerle og tråtraktor


No samsvarar eigentleg ikkje tekst og bilete i det heile.... Men saken er den at sjølv om ein har ein fancy kompakt, så hender det at ein drar på tur utan kamera. Det skjedde i dag. Og eg har verkeleg prøvd å finne ein kvitveis i kveld etter at eg kom ned frå fjellet, men måtte til slutt gi opp og ta bilete av Førde sin nye parkeringsplass i staden....

Eg har konstantert at ein kan gå stien frå Bekkjavatnet opp til Hafstadfjellet (berre bittelitt snø). I lia var det nokre kvitveis som må ha dukka opp nyleg, og når eg kom ned til vatnet trefte eg ei linerle. No har eg sett både kvitveis og linerle før i år, men det er greit å stadfeste det i bloggen likevel. Tråtraktoren har eg førebels ikkje sett.

Canon Eos 40D, Sigma105mm 2,8 DG Macro.

søndag, april 19, 2009

lørdag, april 18, 2009

Skåla, igjen


Denne gongen med eit fantastisk vér, klar sikt og mykje folk på toppen! Det har smelta mykje snø sia sist. Flott nedrenn i kjempeføre. Konklusjonen er likevel at det faktisk er nok med ein skitur på Skåla på ein sesong. Men eg satsar på ein fottur på seinsommaren:) Årets første is på veg heim (då vi endeleg fant ein open bensinstasjon).

Canon Powershot G10

fredag, april 17, 2009

torsdag, april 16, 2009

Førde fotoklubb -ut på tur.


Av og til må ein ta ein fototur. Det har minka på snøen, så vi valgte Fauskevarden framfor Sundsdalen. Neste tur vert nok av ein vårleg karakter.

Canon EOS 40D, Canon 70-200mm f/4 L IS USM. Iso 200, blender 8, lukker 1/640.


Hafstadfjellet og Halbrendsnipa.

Canon EOS 40D, Canon 70-200mm f/4 L IS USM. Iso 200, blender 7,1, lukker 1/500.


Men det er vår altså......

Canon 40D, Canon EF 50mm f1,4. Blender 1,4 lukker 1/50 ISO 200.

mandag, april 13, 2009

Heime att


Godt at både hyttevask og bilturen heim vart unnagjort i går. Då kunne denne fine siste påskedagen nyttast til skiturar i nærområdet (det er jo her det er aller finast:). Dette er ned frå Sandfjellet, Naustdalsida.

Canon Powershot G10

søndag, april 12, 2009

Finduswrap


Nokre vaska, medan andre inspiserte teppene. Det var på tide å reise heim. Ettermiddagen vart og nytta til å starte fottursesongen. Det er framleis skiføre, men det er mulig å gå turar i låglandet.

Canon Powershot G10

lørdag, april 11, 2009

Skiheiskø


Mangen nytta denne fine dagen til ein tur i bakken. Vi og:)

Canon Powershot G10

fredag, april 10, 2009

Skåla 1843 m.o.h.


Vakna til styrtregn, og avreise vart utsett ein time. Men vérmeldingane lova betring, og vi la av gårde og kom oss på toppen:) Skia måtte bærast dei første 400 høgdemeterane. Det hadde vore folk her tidlegare i påska, men denne dagen hadde vi fjellet heilt for oss sjølve. Opphald heile turen, litt vind og litt sol underveis. På toppen var det skiftande "tåkedekke", vi sette oss ein halv time i tårnet og gleda oss til nedturen! Merkeleg nok var beina ekstra trøtte akkurat i denne nedoverbakken:) Tung luggesnø på toppen, jamnare føre frå Skålavatnet og ned.

Canon Powershot G10

torsdag, april 09, 2009

På hyttetur


Denne gongen i Stryn.

Canon Powershot G10 (som Adobe irriterande nok har bestemt at ein må ha CS4 for å få opne råfilene til. Lite sansynlig at eg kjøper den ja, no når eg nett har gått til anskaffelse av ein lovleg CS3 versjon.)

søndag, april 05, 2009

Palmesundag


Det regnar. Årdal-Nes er avlyst for første gong på 35 (?) år.....

Canon EOS 40D, Canon 50mm f1,4. Blender 2,5.

lørdag, april 04, 2009

Det er vår og det er påske:)


Dersom ein strekkjer godviljen til ser ein at det byrjar å verte grønt på bøane. Nokre sauar har allereie kome ut på beite, båtane rullar rundt på vegane og tohjulingane er henta fram frå garasjen (både dei med og utan motor). Kva er vel då betre enn ein tur på Isvassnipa? Fleire bilete

Canon G10 (med instillingar som vitnar om at fotografen ikkje har lese bruksanvisninga på førehand...)

onsdag, april 01, 2009

Reinen er her


Og det er sjølvsagt eg og:) Flokken består av 22 dyr.

Canon EOS 40D, Canon 300mm f2,8L. Lukker 1/640, blender f5.0. ISO 400.