
Om solnedgangen i går var flott så var soloppgangen i dag mykje finare:) Det var ei perfekt blanding av tåke, skyer og sol som braut igjennom. Å få oppleve dette frå 1.800 meter og sjå ned på skoddehavet som dekkjer fjord og dalar er verkeleg spesielt. Etterpå rakk eg ein morgontur på Stryneskåla medan dei andre i tårnet (turlagshytta på Skåla) meir eller mindre snorka vidare.....
Ettersom dette eigentleg var meint som ein fotoblogg og ikkje turblogg, har eg denne gongen valt å leggje ut dette bilete av ei ku vi møtte på vegen heim istaden for mine ordinære turbilete:) Dette synast eg sjølv vart eit spanande og litt uvanleg utsnitt av ei elles ordinær norsk ku på sommarferie. Sjølv om dei framtredande linjene i motivet ikkje framhevar faktum at kua er på sommarferie, syns eg dei løftar komposisjonen. Nokre av bileta frå morgonen på Skåla finn du derimot her
Nordfjord. Klikk på thumbnail for å sjå stor versjon.