
På denne sykkelturen inngikk ein etappe i "bushen" mellom to skogsvegar. Godt halvveges inne i skauen oppdaga eg tilfeldivis at kameraet mitt hadde ramla av bagasjebrettet. KRISE! Sykkelen vart forlatt og eg gikk tilbake i myr og lyng medan eg nistirra i bakken og på gps en for å halde same sporet tilbake. Måtte gå heilt tilbake til traktorvegen, men der låg kameraet!!!! Det er faktisk nokre fordelar med å ha eit stort kompaktkamera. Mykje lettare å få auge på enn eit lite lommekamera. Lykkeleg kunne eg fortsette turen med kamera rund nakken. Mykje hjort var det her, både i skogen og nede på bøen.