
Ein tur til Runde høyrer med på våren. Vérmeldingane såg bra ut, så det var berre å pakke i bilen å reise. Rakk akkurat å setje opp teltet før kveldslyset kom og Lundeura lokka. I fjor var det ein mislykka hekkesesong, men no er dei i gang igjen. Egga er lagt og dei sysla no på med sitt. Så får ein sjå om det er nok Tobis utpå sommaren. Etter klokka ti var det smått med lys og på tide å gå ned att til campingplassen og opne vinflaska. Fleire bilete
Canon EOS 40D, Canon 300mm f2,8 L IS USM. Lukker 1/500, blender 5.0, ISO 800