tirsdag, desember 20, 2011

Mørketid

I morgon går vi mot lysare tider. Men sjølv no på den mørkaste årstida ser vi antydning til dagslys her på Bjørnøya. I dag nytta vi dei lysaste timane til å gå ein skitur til Tunheim. Her finn ein ei av hyttene på øya.

Vi gikk via Midtpunktet på veg inn til hytta. Her er Aki forran Miseryfjella.

Hytta ved Tunheim.

Utpå kvelden vart det klarvér, og frå statsjonen fekk vi sjå eit vakkert nordlys.

onsdag, desember 07, 2011

Nye utfordringar

I dag har eg forstått opp til fleire ting. For det første er det sjølvsagt lurt å bruke vidvinkel når ein fotograferer snøbyge. For det andre: Canon Speedlite 580EXII er ein kraftig blits. Den kan på rette avstand lyse opp heile Ishavskatedralen. Og det er nett det den gjer dersom ein ikkje har lært å undereksponerer beistet. Andre ting eg har forstått i dag er at forstavelsen alto betyr av vi snakkar om midlere skyer (til tross for, eller nettopp fordi, at alto betyr høg). Alt dette er kjekt å vite syns eg :)

På fredag reiser eg mot Bjørnøya for å ta til i ny jobb som meteorologifullmektig. Då må ein kunne litt om blant anna skyer, sikt og nedbør. I tillegg er det kjekt å ha ein blits som kan lyse opp Ishavskatedralen. Det må bety at den kan lyse opp bra i mørketida på Bjørnøya og :)