søndag, august 21, 2011

Sunnfjordreinen

Denne dagen var det meldt store nedbørsmengder og flaum frå klokka tolv. På ein sommar som i år kjem ikkje dette som nokon overraskelse, men ein veit å sette pris på timane med sol innimellom. Så difor vart det ein morgontur på Fauskevarden.



På veg opp i fineveret såg eg reinen. Så seint på sommaren held dei ofte til på snøfonnene som framleis ligg i området. Kamera var ikkje med, og eg måtte uansett kome meg heim, for flaum var eg ikkje kledd for.

Heime kunne eg konstantere at flaumen var utsett til natta. Ei skikkeleg regnbyge hadde vi rett nok på ettermiddagen, men når det klarna opp på kvelden var det klart at reinen den måtte oppsøkast. Med kamera og kveldslys denne gongen.




Omlag 20 dyr såg eg denne ettermiddagen. Dette er villrein, men dei stammar frå tamrein som vart utsett på syttitallet. Flokken i området rundt Fauske er for liten til at den klarer seg utan "import" av nye bukkar, og framtida til dyra er uviss.  

Utsyn mot Fauske etter solnedgang. Framleis klart og fint ver:)

Reinen og Keipen




















For meg er det stas å få fotografere rein med Bremangerfjell og Ålfotbreen i bakgrunnen. Så her kjem ein traust komponert rein med klisjesolnedgang, no kalla grelle fargar. Uskarp er den og, men det kan ein ikkje sjå på webpublikasjon av så lite format. Dei skarpe, men framleis ganske trauste, reinane får vente til neste innlegg ;)

tirsdag, august 16, 2011

Tango i Lofoten

Tango er ein raudrev med eit kvalpekull på sju. I fjor hadde ho sitt første kull og dei var tre. Berre ein av desse vaks opp, dei to andre vart påkjørt. Tango bur tett på både sauebønder og hytteturistar. Sauane får gå i fred, og den største faren for revane er nok biltrafikken.

Det har blitt lite fotoredigering i det siste. Mange bilete frå sommaren har blitt liggande på harddisk, medan Asus pc'en er returnert til forhandler for tredje gong. No føregår redigering i sneglefart med ein Acer Ferrari frå 2005 der det einaste som minner om fart er namnet. Å velge ut bilete føregår mest som loddtrekning, då førehandsvisning med Ferrari2005 tempo i kombinasjon med 7D filer er ei tolmodighetsprøve som går langt utover det akseptable. Men Ferrarien er i det minste stabil i motsetning til visse andre pc'ar. Drøymer om ei kjapp og driftsikker maskin (samt om å hive Asusdriten ned frå fjerde etasje på Storehagen Atrium) og tenker tilbake på tidene då det var kjekt med bilderedigering. Løysinga som ser ut til å vere mest realistisk for å stoppe frustrasjonen er fotografering utan minnekort..... Men slikt vert det jo ikkje resultat av.