mandag, november 30, 2009

Julekonsert


I Førde kyrkje. Snøen kom og i dag. Så julestemninga var ikkje heilt fråværande:)

Canon EOS 7d, Canon 50mm f1,4. 1/50 sek, ISO 800 f3,2. Bilete er kraftig beskåret.

søndag, november 29, 2009

Norangsdalen


Det har blitt nokre køyreturar gjennom Norangsdalen denne helga. Men eg kjem attende, det e no berre sikkert. Ein tur frå Grodås til Yttrehornsnakken i dagslyset vart det og før heimreise.

lørdag, november 28, 2009

Til Stranda for å kjøpe øl.


Nærare bestemt Slogen Pale Ale. Bryggeribesøk i Liabygda vart det diverre ikkje, men ein fjelltur på Liahornet i tjukk skodde og snø fekk vi. Vel tilbake på Knutegarden vart Slogen Pale Ale konsumert under Slogen. Etterpå vart det tur til selet til Edith og Jon Arne i Norangsdalen.

Canon Eos 7d, Canon 50mm f1,4. Iso 2000 1,3 sek, f1,4

søndag, november 22, 2009

søndag, november 15, 2009

Skihelg


I sunnfjord har det meste av snøen regna vekk. Men i Hemsedal var det flotte forhold denne helga.

Sony E. K550i

søndag, november 08, 2009

lørdag, november 07, 2009

Tur i Bremanger


Opp mot Steinfjellet og deretter merka rute ned til Vetvika. Her vart det innsamling av rekved til bålet. Også fem andre hadde teke turen hit med båt.