fredag, juli 31, 2009

Borte vekk.....


På denne sykkelturen inngikk ein etappe i "bushen" mellom to skogsvegar. Godt halvveges inne i skauen oppdaga eg tilfeldivis at kameraet mitt hadde ramla av bagasjebrettet. KRISE! Sykkelen vart forlatt og eg gikk tilbake i myr og lyng medan eg nistirra i bakken og på gps en for å halde same sporet tilbake. Måtte gå heilt tilbake til traktorvegen, men der låg kameraet!!!! Det er faktisk nokre fordelar med å ha eit stort kompaktkamera. Mykje lettare å få auge på enn eit lite lommekamera. Lykkeleg kunne eg fortsette turen med kamera rund nakken. Mykje hjort var det her, både i skogen og nede på bøen.

tirsdag, juli 28, 2009

Sykling på ukjente vegar


Då er det kjekt med GPS, korleis i all verden klarte vi å finne fram før.......

Canon Powershot G10

søndag, juli 26, 2009

Oterfiske


Det vart ein del improvisasjon i forhold til sysselsetting denne helga. Men kva gjer det når ein har ein open invitasjon til oterfiske i nærområdet:) Og fisk vart det. Etterpå vart det servert nydeleg hjortegryte på hytta.

lørdag, juli 25, 2009

På støylen


Fin dag å besøke Jørnselet. Det syns også denne dama:) Vi fekk sjå både selet og lada. Grillmat, dessert og vaffler og kaffi var på menyen.


På støylen måtte dei gamle tradisjonane prøvast ut. Neverlurspelinga vår fall tydlegvis i smak blandt publikum.

søndag, juli 19, 2009

Paddenatt


Når ein køyrer på natta får ein ofte sjå dyr langs og på vegen. Både hjort, kattar og padder var det mykje av. Irriterande mykje padder...... Ein hauk var og ute på nattejakt.

fredag, juli 17, 2009

Hornelen


I år vart det frå Hunskår. Vi fekk og med den høgste toppen på Bremangerlandet. På sjølve Hornelen var det meir enn utsikta som måtte takast bilete av. Eit tre har og klart å finne rotfeste der oppe.

onsdag, juli 15, 2009

Med utsikt


Ikje dei flottaste omgivelsane, men utsikten er det ikkje noko å seie på.

mandag, juli 13, 2009

Berleporten


Berleporten har "alltid" vore Berleporten. 6.juni i år var det offisielt.

søndag, juli 05, 2009

Lodalskåpa


Med avreise kl 06.00. Vi gikk frå Bødalssetra og nesten 12 timar tok det t/r. Fint vér det meste av turen, men tåka var innpåsliten på toppen. Fleire bilete.

Canon Powershot G10

lørdag, juli 04, 2009

Paradelørdag


Det er Førde internasjonale folkemusikkfestival. Og ikkje vanskeleg å sjå at det fine véret har vart ei stund:)

torsdag, juli 02, 2009

Nattevandring


Lyset i området rundt Fauskevarden er flott i morgontimane. Heller ikkje denne gongen rakk eg på toppen i tide, men det er kanskje like bra? Sola treff toppen på Fauskevarden ca halv fem.