tirsdag, mars 31, 2009

Reinen var her


Jammen har ikkje reinen tråkka opp det fine skisporet på den mest trafikkerte ettermiddagstoppen i Førde!

mandag, mars 30, 2009

Kjekt med ruskevér innimellom.


Trass at vi no er over på sommartid, er det meir vinter ute i dag enn det har vore på lenge.

Canon EOS 40D, Canon 50mm f1,4. Blender 1,4 Lukker 1/40. ISO800

søndag, mars 29, 2009

Tur i nærmiljøet:)


Det er så mange fine toppar like i nærleiken. Her frå Halbrendsnipa. Fleire bilete og turrapport

Canon EOS 40D, Sigma 18-5omm f2,8.

mandag, mars 23, 2009

Pudderføre!


Kan ikkje hugse å ha kjørt noko særleg i puddersnø denne vinteren. Men i dag var det flott på Fauskevarden! Til og med sola dukka opp akkurat på det rette tidspunktet.

Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8. Lukker 1/125, blender f5,6. ISO200. Kl 18.52.

søndag, mars 22, 2009

Snø, sludd, regn, hagl, lyn og torden


Lurer på kvar myggen i hagen har gjort av seg.

Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8. Lukker 1/15, blender f22. ISO100.

lørdag, mars 21, 2009

Blindføre på Grovabreen.


På veg ned frå Førde kommune sitt høgaste punkt vart det mykje rare fall. Blindføre gjer til at ein ser verken helling, skavlar og særs lite anna i det heile. Med så dårleg sikt blir det vanskeleg å bedømme fart og. Det er no litt moro når folk ramler når dei står stille (fordi dei TRUDDE dei var i fart), eller ramlar fordi dei var forberedt på ein skavl som faktisk ikkje var der. Når det er sagt vart sikten betre under 11oo meter. Her i frå og ned var det dessutan flott silkeføre slik at vi som sleit oss opp med tunge ski endeleg kunne nyte nedfarten. Fleire bilete og turrapport

Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8.

fredag, mars 20, 2009

Vérskifte


Mot nordvest frå Fauskevarden

Canon EOS 40D, Canon 70-200mm f4 IS. Lukker 1/400 blender 5,6. ISO200.

torsdag, mars 19, 2009

Avkobling


Nok ein ettermiddag med sol. Den måtte berre utnyttast med ein ny tur på Fureviknipa.

Sony Ericsson K550i. Kl 18.28.

onsdag, mars 18, 2009

tirsdag, mars 17, 2009

Kjekt med tråkka løype på ein gråvérsdag.


Tungt føre og litt trasig vér. Men sjølv på ein grå dag med snøbyger er det dagslys til klokka er godt over sju:)

Sony Ericsson K550i.

søndag, mars 15, 2009

Topptur til Syskarsnipa i Jølster


Endeleg ein topptur! Det byrja med sol frå blå himmel, men i høgda var det vind, snødrev og tåke. Så vi unngikk likegodt sjølve toppen, utsikta må uansett opplevast ein anna dag. Nedturen i tung og våt snø var ei artig utfordring for dei fleste. 14 stykker frå IST var med.

Sony Ericsson K550i (Eit kompaktkamera byrjar å hamne høgt på prioriteringslista).

lørdag, mars 14, 2009

Fristelsen vart for stor....


...den fine turkise kompostkverna berre måtte takast i bruk. Det var no endå godt at vi hadde ein stoooor haug av kvist å ta av, det var nok til alle.

Canon EOS 40D, Canon EF 50mm f1,4. Lukker 1/640, blender f5.0. ISO 200.

fredag, mars 13, 2009

Til Årebrot i ytre Sunnfjord


Eg kan ikkje hugse at eg har passert Botnane i skumringstimen utan fotostopp. Dette er heller ikkje ei målsetjing, og sjølvsagt måtte eg trykke på bremsepedalen når eg observerte store mengder hjort innerst i bukta. Med motoren stogga, vart vindaugskanten ein god ekstra bildestabilisator.

Canon EOS 40D, Canon EF 70-200mm f4 IS. Lukker 0,3 sek. Blender f4. ISO 1600.


Det var og fleire motiv som måtte festast til bildebrikka. Med lange lukkartider og eit kamera på stativ måtte eg diverre sjå grågåsa suse forbi utan å få dei dokumentert. Men observasjonen vart godt mottatt hos verten som då meina at våren verkeleg er på veg.

Canon EOS40D, Canon EF 50mm f1,4. Lukker 30 sek. Blender f11. ISO 200.

onsdag, mars 11, 2009

Analog fotokveld.


Vinyl, bredt utval i analoge kamera og god kveldsmat var det som venta fotoklubben i Sundsdalen. Det vart og tid til å sjå på gamle dias. Både Hafstadfjellet, BoraBora og Sidney dukka fram på lerretet, og det var det ingen som brydde seg med å dokumentere fullmånen denne kvelden.

Canon EOS 40D, Canon 50mm f1,4. Lukker 1/60, blender 1,8. ISO 400.

søndag, mars 08, 2009

Hyttehelg, del 2


Denne dagen vart det tid til litt ymse. Snødame, snøprofil og litt køyring i blindføre (eller var det egentlig blindføre?). Men vi var enige om at det viktigaste var å komme seg ut:)

Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8. Lukker 1/1600, blender 2,8. ISO 200

lørdag, mars 07, 2009

Hyttehelg, del 1


Til tross for kort varsel og ikkje heilt gode vérmeldingar stilte folk med både ski, drikke og sjølvsagt hyttesnop. Grunna vér og vind vart turmålet denne dagen Sletteheia. På toppen var det vindstille og flott utsikt til både Viksdalsvatnet, Haukedalsvatnet og føyka på andre fjelltoppar.

Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8. Lukker 1/800, blender 11. ISO 400

onsdag, mars 04, 2009

Gardfjøsar med havutsikt


7 grader ved fjøsane i dag.

Canon EOS 40D, Canon 50mm f1,4. Lukker 1/400, blender 4,5. ISO 400

tirsdag, mars 03, 2009

Det vårast.......


...i alle fall ute ved kysten. Eg er for øvrig klar for meir vinter og vil tilbake til snøen i morgon:)

Canon EOS 40D, Canon 50 mm f1,4. Lukker 1/800, blender 2,0. ISO 100.

mandag, mars 02, 2009

På avspasering i ytre Sunnfjord.


Litt avveksling frå sluddevinteren i innlandet.

Canon EOS 40D, Canon 50mm f1,4. Lukker 1/250, blender 3,2. ISO 400.

søndag, mars 01, 2009

Det regnar, det snør, det regnar......


Det er helg, men véret innbyr ikkje heilt til fjellvandring. Det har blitt to dagar i skibakken. Anti fog, kva er det?

Canon EOS 40D, Sigma 18-50mm f2,8. Lukker 1/250, blender 7,1. ISO 400.